Zoran Tošić
serbisk fotballspelar
Zoran Tošić (fødd 28. april 1987 i Zrenjanin i Vojvodina) er ein serbisk fotballspelar som har spela for CSKA Moskva i den russiske toppdivisjonen, og for det serbiske landslaget. Han vart seriemeister i Serbia med Partizan i 2008.
Personleg informasjon | |||
---|---|---|---|
Fullt namn |
Зоран Тошић Zoran Tošić | ||
Fødd | 28. april 1987 | ||
Fødestad | Zrenjanin | ||
Høgd | 171 cm | ||
Posisjon | Venstreving | ||
Klubbinformasjon | |||
Noverande lag | CSKA Moskva | ||
Nummer | 21 | ||
Seniorkarriere* | |||
År | Lag | Kampar (Mål) | |
2005-06 2006-07 2007-09 2009-10 2010 2010- |
Budućnost Banatski Dvor Banat Zrenjanin Partizan Manchester United Köln CSKA Moskva |
7 (0) 25 (2) 49 (14) 2 (0) 13 (5) 51 (11) | |
Landslag | |||
2007-09 2007- |
Serbia U21 Serbia |
17 (2) 24 (4) | |
* Seniorklubbkampar og mål berre telt for nasjonal liga og oppdatert 3. oktober 2010 ‡ Landslagsmål oppdatert 7. september 2010 |
Tošić debuterte for Serbia sitt A-landslag 8. september 2007 i ein EM-kvalifiseringskamp mot Finland. Han skåra det første landslagsmålet sitt 12. august 2009 i ein privatlandskamp mot Sør-Afrika. Han var med Serbia sin tropp til fotball-VM i 2010, der han fekk spela som innbytar i éin kamp, Serbia sin siste kamp, mot Australia.