Zou Jingyuan
Zou Jingyuan (fødd 3. januar 1998) er ein kinesisk turnar frå Yibin. Han vart verdsmeister 2017 og 2018 og olympisk meister 2021 i skranke.
Zou Jingyuan | |
Statsborgarskap | Folkerepublikken Kina |
Fødd | 3. januar 1998 (26 år) Yibin |
Idrett | turn |
Tok del i | Turn under Sommer-OL 2020 – Mangekamp lagkonkurranse menn, Turn under Sommer-OL 2020 – Skranke menn |
Zou vann skranke-øvinga både ved Turn-VM 2017 i Montreal og i Turn-VM 2018 i Doha. I Doha vann han også ein gullmedalje med Kina i lagtevlinga. Året etter kom han og Kina på sølvplassen i lagtevlinga ved Turn-VM 2019 i Stuttgart. I 2021 vart det bronsemedalje på Zou i lagtevlinga under dei olympiske leikane i Tokyo. Deretter sigra han i den olympiske skranke-tevlinga, gjennom ei strålande utført øving med høg vanskegrad.
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Zou Jingyuan» frå Wikipedia på engelsk, den 24. januar 2024.
- «Zou Jingyuan» (på engelsk). Olympedia.org. Henta 20. april 2024.