宜宾 (forenkla kinesisk)
Yíbīn (pinyin)
Tidlegare namn 宜賓 (tradisjonell kinesisk)
I-pin (Wade–Giles-transkripsjon)
Suibu, Suifi
Yibin birdview.jpg
Styresmakter
Land
Provins
Kina
Sichuan
Geografi
Innbyggjarar
 - By
 - Byområde

5,18 millionar
872 000

Yibin er eit byprefektur i provinsen Sichuan i det vestlege Kina. Folkesetnaden vert estimert til 5,18 millionar (2005) for heile byprefekturet, 872 000 for byområdet.

Byrjinga av Chang Jiang (Yangtze) i Yibin.

GeografiEndra

Yibin ligg 200 km sørvest for Chongqing der elva Chang Jiang byrjar ferda si gjennom Sichuan, ved møtestaden for Jinsha og Min Jiang. Yibin er eit samferdselssenter som endepunkt for elvefarten og har jarnbanesamband. Ein driv utstrekt viktig handel med ris, kveite, sukker, tungolje og legemiddel.

Byen har mellom anna kjemisk, papir- og glassindustri, og produksjon av te og salt.

KulturminneEndra

 
Det tidlegare setet for det kinesiske arkitekturselskap

Dei gamle bygningane ved Zhenwu Shan (daoistiske tempel frå Ming-dynastiet og anna)[1] Huangsan-klippegravene,[2] Shichengshan-klippegravene[3] frå Song- til Ming-tida, Xuanluo-hallen[4] og det tidlegare setet for det kinesiske arkitekturselskapet[5] er oppført på Folkerepublikken Kina si kulturminneliste.

Administrative einingarEndra

 
Yibin i Sichuan

Byprefekturet Yibin har jurisdiksjon over éitt distrikt (区 ) og ni fylke (县 xiàn).

Kart
 
# Namn Hanzi Hanyu Pinyin Folkesetnad (2004 est.) Areal (km²) Tettleik (/km²)
Distrikter
1 Cuiping 翠屏区 Cuìpíng Qū 780 000 1 123 695
Fylker
2 Yibin 宜宾县 Yíbīn Xiàn 980 000 3 034 323
3 Nanxi 南溪县 Nánxī Xiàn 410 000 704 582
4 Jiang'an 江安县 Jiāng'ān Xiàn 540 000 910 593
5 Changning 长宁县 Chángníng Xiàn 430 000 975 441
6 Gao 高县 Gāo Xiàn 500 000 1 323 378
7 Junlian 筠连县 Jūnlián Xiàn 390 000 1 254 311
8 Gong 珙县 Gǒng Xiàn 420 000 1 150 365
9 Xingwen 兴文县 Xīngwén Xiàn 440 000 1 373 320
10 Pingshan 屏山县 Píngshān Xiàn 290 000 1 437 202

KjelderEndra

FotnotarEndra

  1. 真武山古建筑群, Zhenwǔshān gǔ jiànzhùqún
  2. 黄伞崖墓群, Huángsǎn yámùqún)
  3. (石城山崖墓群, Shíchéng shān yámùqún)
  4. 旋螺殿, Xuánluó diàn
  5. 中国营造学社旧址, Zhōngguó yíngzào xuéshè jiùzhǐ