Zsuzsa Bánk
tysk skribent
Zsuzsa Bánk (fødd 24. oktober 1965) er ein tysk forfattar av ungarsk avstamming.
Zsuzsa Bánk | |
Statsborgarskap | Tyskland |
Fødd | 24. oktober 1965 (59 år) Frankfurt am Main |
Yrke | skribent, romanforfattar, redaktør, bokhandlar |
Språk | tysk |
Sjanger | drama, forteljing |
Zsuzsa Bánk på Commons |
Bánk blei fødd i Frankfurt am Main. Foreldra hennar flytta til Tyskland etter den ungarske revolusjonen i 1956. Ho studerte journalistikk, statsvitskap og litteratur ved Johannes Gutenberg-universitetet i Mainz og i Washington, D.C.
Ho har vunne fleire litteraturprisar, blant anna Aspekte-Literaturpreis i 2002, som blir tildelt den beste debutromanen på tysk,[1] og Adelbert von Chamisso-prisen i 2004.
Ho er busett i Frankfurt am Main med ektemannen sin og to born.
Verk
endre- Der Schwimmer. Roman. S. Fischer, Frankfurt/Main 2002, TB 2004, ISBN 3-596-15248-8.
- Heißester Sommer. Forteljingar. S. Fischer, Frankfurt/Main 2005, ISBN 3-10-005221-8.
- Die hellen Tage. Roman. S. Fischer, Frankfurt/Main 2011, ISBN 978-3-10-005222-3.
- Schwarzwaldsepp. Auch eine Weihnachtsgeschichte. Hansisches Druck- und Verlagshaus/edition chrismon, Frankfurt/Main 2012, ISBN 978-3-86921-102-2.
- Schlafen werden wir später. Roman. S. Fischer, Frankfurt/Main 2017, ISBN 978-3-10-005224-7.
- Weihnachtshaus. edition chrismon, Leipzig 2018, ISBN 978-3960381518.
- Alles ist groß. Skodespel. S. Fischer, Frankfurt 2020.
- Sterben im Sommer. Roman. S. Fischer, Frankfurt 2020, ISBN 978-3-10-397031-9.
Kjelder
endre- ↑ Mund, Heike. «Zsuzsa Bánk: 'The Swimmer'». Deutsche Welle. Henta 26. august 2022.
- Denne artikkelen bygger på «Zsuzsa Bánk» frå Wikipedia på engelsk, den 30. september 2023.