Zumba er ei treningsform basert på aerobic og dans utført til latinamerikansk musikk. Ho blei skapt på 1990-talet av Alberto «Beto» Perez.[1] Namnet «zumba» har inga spesiell tyding, men blei vald tilfeldig som eit merkevarenamn.[2]

Zumbatrening.
Verdsrekordforsøk i zumbadans i Bydgoszcz i 2013.

Bakgrunn endre

Beto Perez grunnla zumba ved eit tilfelle på 1990-talet, då han arbeidde som aerobicinstruktør i Colombia. Ein dag hadde han gløymd å ta med seg den vanlege musikken til ein time, og brukte i staden musikk han tilfeldigvis hadde i bilen - hovudsakleg latinamerikansk musikk - som han improviserte trinn til. Etter å ha oppnådd suksess i Colombia flytta han til Miami og grunnla eit zumbaselskap med Alberto Perlman og Alberto Aghion. Dei selde intruksjonsvideoar og byrja å trena instruktørar. Selskapet selde også zumba-merka produkt, som klede, og gav instruktørar tilgang til eit zumbanettverk..[3]

Skildring endre

Målet for alle zumba-treningsøkter er å røra seg raskt og ha det morosamt. Deltakarane vert oppfordra til å riste på hoftene, sleppe seg laus i dei latinske rytmane, og late som om dei er på fest. Alle kan delta på Zumba, og ein stiller ingen krav til form. Programmet inneber latinske rytmar med enkle dansetrinn, som omfattar intervall og motstandstrening. Dansetrinna er lånt frå merengue, samba, salsa, reggaeton, cumbia og flamenco.

Zumba er også vorte populært i Noreg og vert tilbydd på mange treningssenter.

Kjelder endre

  1. Janice Lloyd, «Zumba brings the dance party into the health club» Arkivert 2011-10-29 ved Wayback Machine., USA Today, 10. oktober 2011
  2. «Zumba Fitness Trademark Usage & Zumba Logo Guide - Zumba.com». 
  3. Issie Lapowsky (26. mai 2010). «Zumba Turns Dancers Into Entrepreneurs». Inc. Arkivert frå originalen 24. januar 2021. Henta 22. mai 2016.