Dieselmotor er ein stempelmotor med innvendig forbrenning som har så høg kompresjon at drivstoffet sjølvtenner når det vert sprøyta inn. Motoren er oppkalla etter Rudolf Diesel som fekk patent på han i 1892.

MAN TGX V8 diesel lastebilmotor på 500 kW (680 hk).

Arbeidsprinsipp endre

I ein dieselmotor vert sylindrane fylt med luft som vert komprimert av stemplet når det går innover i sylinderen. Komprimeringsforholdet i dieselmotorar kan variera frå 16:1 til 25:1. På grunn av den høge kompresjonen stig temperaturen på lufta i sylinderen frå 700 til 1000 °C. Noko før stemplet når øvre daudpunkt vert drivstoffet sprøyta inn, under høgt trykk, gjennom dyser som forstøvar det. På grunn av den høge temperaturen fordampar det forstøva drivstoffet og sjølvtenner.

Dieselmotorar kan vera firetaktsmotorar eller totaktsmotorar. Dei fleste dieselmotorar med effekt mindre enn nokre hundre kW er som oftast firetaktsmotorar, medan store dieselmotorar, som til dømes skipsmotorar ofte er totaktsmotorar. Totakts dieselmotorar har ofte ein mekanisk kompressor som fyller sylinderen med luft og spylar ut gamal eksos.

Termodynamisk syklus endre

 
Dieselsyklusen.
Hovudartikkel: Termodynamisk syklus

Ein ideell dieselmotor ville arbeida etter dieselsyklusen, der forbrenninga skjer under konstant trykk. Men i praksis aukar trykker i byrjinga av forbrenningstakta, så praktiske dieselmotorar arbeider etter Seiliger-Sabathé-syklusen.

På grunn av at sylinderen vert fylt med ei rein luft breier flammefronten seg ikkje like snøgt i sylinderen som i forgassarmotorar. Forbrenninga tek difor lengre tid enn i forgassarmotorar og sjølv om trykket ikkje er konstant varierer det ikkje så mykje som i forgassarmotorar. At forbrenninga varer lengre fører til at dieselmotorar ikkje kan ha like høgt turtal som forgassarmotorar.

Soge endre

 
Den fyrste dieselmotoren.

Den tyske ingeniøren Rudolf Diesel tok patent på dieselmotoren i 1892.

Referansar endre

Sjå òg endre