«Admiral Kuznetsov»

«Admiral Kuznetsov» er eit russisk hangarskip som opphavleg vart bygd for sovjetmarinen. Framleis i 2017 var det flaggskipet i den russiske marinen. Det skal komma ut frå verftsopphald i 2024.[1]

Hangarskipet «Admiral Kuznetsov»

Rolle endre

Sjølv om skipet har nemninga hangarskip, så inneber det russiske klassenamnet andre roller for skipet enn til dømes Royal Navy eller US Navy sine hangarskip. Det er m.a. utstyrt med 12 kryssarmissil, og er eigentleg ei blanding av hangarskip og kryssar. Russarane er opne om dette og brukar omgrepet tyazholij avianesushchij kreyser (TAKR eller TAVKR) – tung flyberande kryssar – berekna på å forsvara og støtte strategiske missilubåtar, overflateskip og missilberande marinefly i den russiske flåten. Skipet er òg vesentleg mindre enn dagens amerikanske hangarskip.

Russland hevdar at rolla ikkje bryt med Montreux-konvensjonen som handlar om passering av det strategiske Bosporossundet mellom Middelhavet og Svartehavet.[2] Det er endå ikkje berre eit politisk grep, då sovjetmarinen brukte hangarskipa sina på annan måte enn vestlege konsept tilseier.

 
Oversynsbilete over dekket.

Utrusting endre

«Admiral Kuznetsov» sine viktigaste fly er multirolle Su-33. Dette kan brukast til å oppnå luftherredøme, forsvara flåten og gje luftstøtte. Det kan òg verta brukt til maritim patruljering og mineleiting.[3] Det vert supplert av toseteren Su-33UB, som òg vert brukt til trening saman med Su-25UTG. Skipet ber òg helikopteret Kamov Ka-27 for ubåtjakt og transportoppdrag.

For at konvensjonelle fly skal kunna ta av, så har «Admiral Kuznetsov» ei hopprampe på baugen. Ved take-off akselerer flyet mot rampen med etterbrennarar. Ein høgare vinkel vert oppnått enn ved bruk av flatt dekk og katapultar. Denne metoden er meir skånsam for pilotane, på grunn av lågare akselerasjon, men krev flytypar som kan fly i berre 120-140 km/t.[4]

Kryssar-rollen vert oppnådd ved at «Admiral Kuznetsov» ber 12 overflate-til-overflate-missil av typen SS-N-19 Shipwreck.

Historie endre

«Admiral Flota Sovetskogo Sojuza Kuznetsov» vart bygd ved verftet Nikolajev sør i Mykolajiv i Ukraina. Skipet vart sjøsett i 1985 og vart operativt i 1995. Ein offisiell seremoni for å markera byggestarten vart gjort 1. september 1982, men kjølen vart først lagd i 1983. Fartøyet vart først kalla «Riga», frå oktober 1982 «Leonid Bresjnev» og frå august 1987 «Tblisi». Til slutt fekk det namnet «Admiral Flota Sovetskogo Sojuza Kuznetsov». Skipet var 71 % ferdigstilt sommaren 1989. I november 1989 segla det ut på sjøprøvar. I desember 1991 segla det frå Svartehavet for å slutta seg til Nordflåten. Først i 1993 vart de sett opp med fly.

«Kuznetsov» gjorde eit kort treningstokt i Middelhavet tidleg i 1996. Mot slutten av 1997 vart det lagt opp ved eit av verfta til Nordflåten for å venta på reparasjonar. Desse arbeida vart avbrotne etter berre 20 % ferdigstilling. Overhalinga vart til slutt sluttført i juli 1998, og skipet vart reaktivert 3. november 1998. Skipet vart liggjande i hamn i omtrent to år før det vart sendt på tokt for å støtta rednings- og hevingoperasjonane i samband med «Kursk»-forliset i 2001. I 2003 og 2004 vart det sendt til sjøs for meir testing og inspeksjon. I oktober 2004 deltok det i ei øving med den russiske marinen i Atlanterhavet,[5], og igjen i 2005. og igjen i 2005. Under 2005-øvinga fall eit av skipet sitt Su-33 jagarfly i havet.

Det er venta at «Kuznetsov» vil verta verande i teneste fram til 2030.[6]

I desember 2007 vart «Kuznetsov» mykje omtalt i norske media, då flåtegruppa passerte norsk farvatn og hadde flyøvingar i nærleiken av norske oljeinstallasjonar.[7]

Galleri endre

Sjå òg endre

Kjelder endre

  1. «Авианесущий крейсер "Адмирал Кузнецов" передадут ВМФ РФ в начале 2024 года». TASS (på russisk). 15 June 2022. 
  2. A Brief Look at Russian Aircraft Carrier Development, Robin J. Lee.
  3. KnAAPO. "The Su-33 single-seat carrier-based fighter" Arkivert 2011-07-16 ved Wayback Machine..
  4. Gordon, Yefim & Davidson, Peter. 2006. "Sukhoi Su-27 Flanker", p. 54. Warbird Tech Series, vol. 42. ISBN 978-1-58007-091-1.
  5. Pavel Felgenhauer, A Foolhardy Naval Exercise, Moscow Times. Kritisk artikkel om en øvelse hvor «Kuznetsov» deltok
  6. Russia plans new life for naval assets Jane's, august 2006
  7. Dagbladet.no: Russiske jagerfly lager kaos i Nordsjøen