«Samtalen 1918–2024»

«Samtalen 1918–2024» er eit oljemåleri på 280 x 450 centimeter utført av Mie Mørkeberg som heng i samtalerommet i det danske Folketinget.[1][2][3] Måleriet portretterer 30 kvinnelege danske, færøyske og grønlandske politikarar sidan 1915, då kvinner fekk stemmerett og blei valbare, blant anna til Folketinget.[1]

«Samtalen 1918–2024»
KunstnarMie Mørkeberg
År2024
PlasseringSamtaleværelset, København

Måleriet blei til på initiativ av dåverande folketingsformann Henrik Dam Kristensen, som vedtok at også kvinnene i dansk politikk skulle hyllast med eit måleri.[4]

I samband med utveljinga av kven som skulle få i oppdrag å utføre måleriet, blei fem kunstnarar innbodne til å kome med kvar sine forslag. Mørkeberg blei vald av presidiumet i Folketinget i 2021 etter innstilling frå kunstutvalet til Folketinget.[2] Dei øvrige kandidatane var Peter Martensen, Mathilde Fenger, Maria Wandel og Anders Moseholm.[4]

Ei gruppe historikarar valde ut kven som skulle portretterast. Under utveljinga skulle dei ta omsyn til tid, politisk orientering og kven som var dei fyrste kvinnene til å ha forskjellige postar som folketingsmedlem, minister eller formenn for Folketinget.[5]

Portretterte kvinner

endre

Følgjande kvinner er portretterte på måleriet:[1]

  • Nina Bang (1866–1928), Danmarks fyrste kvinnelege minister
  • Elna Munch (1871–1945), blant forkjemparane for kvinneleg valrett og seinare blant dei fyrste fire kvinnelege folketingsmedlemmane (vald i 1918)
  • Helga Larsen (1884–1947), aktiv i fagrørsla og blant dei fyrste fire kvinnelege folketingsmedlemmane (vald i 1918)
  • Mathilde Malling Hauschultz (1885–1929), blant dei fyrste fire kvinnelege folketingsmedlemmane (vald i 1918)
  • Ingeborg Hansen (1886–1954), Danmarks fyrste parlamentsformann (Landstinget)
  • Bodil Koch (1903–1972), Danmarks fyrste kvinnelige kyrkjeminister
  • Lis Groes (1910–1974), handelsminister
  • Helga Pedersen (1911–1980), Danmarks første kvinnelige justisminister
  • Nathalie Lind (1918–1999), politifullmektig, landsrettssakførar, advokat og minister
  • Eva Gredal (1927–1995), folketingsmedlem og minister
  • Ebba Strange (1929–2012), folketingsmedlem og medstiftar av Socialistisk Folkeparti, fyrste kvinnelege gruppeformann i Folketinget
  • Hanne Reintoft (fødd 1934), folketingsmedlem
  • Dorte Bennedsen (1938–2016), folketingsmedlem, minister og den fyrste kvinnelige generalsekretæren i Dansk Ungdoms Fællesråd
  • Lone Dybkjær (1940–2020), europaparlamentsmedlem, folketingsmedlem og minister
  • Marita Petersen (1940–2001), medlem av Lagtinget på Færøyane og Færøyanes fyrste kvinnelege regeringssjef
  • Birte Weiss (fødd 1941), folketingsmedlem og minister og fyrste kvinnelege formann for Radiorådet
  • Ritt Bjerregaard (1941–2023), Danmarks fyrste kvinnelege EU-kommissær, i tillegg til folketingsmedlem, minister og fyrste kvinnelege overborgarmeister i København
  • Mariann Fischer Boel (fødd 1943), EU-kommissær, folketingsmedlem og minister
  • Marianne Jelved (fødd 1943), folketingsmedlem
  • Ruth Heilmann (fødd 1945), fyrste kvinnelege formann for det grønlandske parlamentet, kommunalbestyrelsesmedlem og borgarmeister
  • Pia Kjærsgaard (fødd 1947), fyrste kvinnelege partistiftar og ditto formann for Folketinget, folketingsmedlem, partiformann
  • Mimi Jakobsen (fødd 1948), folketingsmedlem og minister. Fyrste kvinnelige folketingsmedlem som var formann for sitt parti
  • Connie Hedegaard (fødd 1960), EU-kommissær, folketingsmedlem og minister
  • Lene Espersen (fødd 1965), fyrste kvinnelege utanriksminister 2010–2011 og formann for Det Konservative Folkeparti
  • Helle Thorning-Schmidt (fødd 1966), folketingsmedlem, minister (Danmarks fyrste kvinnelege statsminister) og medlem av Europaparlamentet
  • Margrethe Vestager (fødd 1968), EU-kommissær, folketingsmedlem og minister
  • Pia Olsen Dyhr (fødd 1971), folketingsmedlem, minister og partiformann
  • Özlem Cekic (fødd 1976), folketingsmedlem
  • Mette Frederiksen (fødd 1977), folketingsmedlem og minister (bl.a. statsminister)
  • Johanne Schmidt-Nielsen (fødd 1984), folketingsmedlem

Kjelder

endre
  1. 1,0 1,1 1,2 «Folketinget hylder 30 kvindelige politikere» (på dansk). Folketinget. Arkivert frå originalen 11. desember 2024. Henta 11. desember 2024. 
  2. 2,0 2,1 «Folketinget hædrer 30 kvinder med nyt maleri» (på dansk). Folketinget. 12. november 2024. Arkivert frå originalen 11. desember 2024. Henta 11. desember 2024. 
  3. Lind-Valdan, Stense Andrea (13. november 2024). «Storslået på alle måder» (på dansk). Kunstkritikk. Arkivert frå originalen 11. desember 2024. Henta 11. desember 2024. 
  4. 4,0 4,1 «Kvindelige politikere på lærred: Fem skitser / 18. maj 2023 – 28. april 2024.» (på dansk). KØN – Gender Museum Denmark. Arkivert frå originalen 11. desember 2024. Henta 11. desember 2024. «»Vi syntes, det var på tide at hædre nogle af de dygtige kvinder, som har præget dansk politik de seneste 100 år. Med det nye maleri skaber vi en bedre kønsmæssig balance i udsmykningen af Samtaleværelset, hvor mændene dominerer. Maleriet vil stå for eftertiden som et vidnesbyrd om de kvinder, som har haft en særlig betydning for Folketingets virke.« Henrik Dam Kristensen, Folketingets formand, 2021.» 
  5. «Kvindelige politikere hyldet på stort portræt på Christiansborg» (på dansk). Berlingske. 12. november 2024. Arkivert frå originalen 11. desember 2024. Henta 11. desember 2024.