Áno Sýros
Lokalt namn Άνω Σύρος

Geografi
Áno Sýros is located in Hellas
Stad Kykladane
Koordinatar 37°26′N 24°56′E / 37.433°N 24.933°E / 37.433; 24.933

Administrasjon
Land Hellas
Periferi
Periferieining
Kommune
Dei sørlege egeiske øyane
Sýros
Sýros-Ermoúpoli
Hovudsete Áno Sýros (862 innb.)
Demografi
Folketal 3 877 (2011[1])

Áno Sýros (gresk Άνω Σύρος) er ein by og ein tidlegare kommune nord på øya Sýros i øygruppa Kykladane i periferien Dei sørlege egeiske øyane i Hellas. Han inngår frå 2011 som ei kommunaleining i kommunen Sýros-Ermoúpoli i periferieininga Sýros.[2]

Ved folketeljinga i 2011 hadde kommunaleininga Áno Sýros 3 877 innbyggjarar, medan tettstaden med same namn hadde 862 innbyggjarar.[1]

Áno Sýros vart bygd av venetianarar på byrjinga av 1200-talet nordvest for Ermoúpoli. Áno Sýros har framleis ein mellomalderatmosfære. Ein kan derimot ikkje nå byen via bilvegar. Den katolske basilikaen San Giorgio dominerer bybiletet. Han vart bygd på 1200-talet, men er vorten øydelagd og bygd opp att tre gonger.[3] Frå toppen av byen kan ein sjå naboøyane Tínos, Dílos, Mýkonos, Páros og Náxos.

Referansar endre

  1. 1,0 1,1 Folketeljing 2011, revidert
  2. Νόμος 3852/2010 - ΦΕΚ 87Α/7-6-2010
    Lov 3852/2010: Kallikratis-reforma
    , arkivert frå originalen 30. juli 2023, henta 7. september 2023
     
  3. «Ιστορία Άνω Σύρου». teipir.gr. Arkivert frå originalen 24. desember 2014. Henta 24. desember 2014. 
  Denne geografiartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.