Mýkonos
Mýkonos (gresk Mύκονος), òg kalla Myconos, er ei øy i Hellas som høyrer til Kykladane i Egearhavet. Øya er ein av dei store turistdestinasjonane i Egearhavet og er kjend for det yrande nattelivet. Øya ligg mellom Tínos, Sýros, Páros og Náxos. Sjølve øya Mýkonos har eit areal på 86 km² og er 364 meter på det høgaste.
Mýkonos Lokalt namn Mύκονος | |
---|---|
Hovudbyen på Mýkonos | |
Geografi | |
Stad | Egearhavet |
Koordinatar | 37°27′N 25°20′E / 37.450°N 25.333°E |
Øygruppe | Kykladane
|
Areal | 105,2 km²
|
Administrasjon | |
Land | Hellas |
Periferi Periferieining |
Dei sørlege egeiske øyane Mýkonos |
Største busetnad | Mýkonos (4 808 innb.)
|
Demografi | |
Folketal | 10 704 (2021[1]) |
Folketettleik | 101,7 /km² |
Mýkonos er frå 2011 ei periferieining i periferien Dei sørlege egeiske øyane. Mýkonos er den einaste kommunen i periferieininga.[2] Til kommunen høyrer òg Dílos, Rínia, Tragonísi og fleire andre små øyar utan busetnad.
Ved folketeljinga i 2021 hadde kommunen Mýkonos 10 704 innbyggjarar, medan tettstaden med same namn hadde 4 808 innbyggjarar.[1]
Øya består hovudsakleg av granitt. Ho har lite naturleg ferskvatn og er avhengig av avsalting av sjøvatn for å dekke behovet. Det bur noko over 10 000 innbyggjarar på Mýkonos, og den største tettstaden heiter òg Mýkonos, men vert stundom kalla Khóra (som tyder «byen» på gresk). Mýkonos by ligg på vestkysten. Ein meiner at øya er kalla opp etter ein lokal helt, som vert rekna som eit av barneborna til guden Apollon og som vart dyrka lokalt i antikken.
Historie
endreArkeologiske funn viser at jonarane slo seg ned på Mýkonos tidleg på 1000-talet fvt., men nyare funn har vist spor etter ei steinalderstamme tilbake til år 3000 fvt.
I gresk mytologi var Mýkonos åstad for eit slag mellom Zevs og Gigantane, og øya vart kalla opp til ære for barnebarnet til Apollon, Mykons. Sidan Mýkonos ligg nær den då tett folkesette øya Dílos, som ligg om lag 2 km unna, vart ho ei viktig forsyningsøy og feriestad for innbyggjarane på Dílos.
Mýkonos i dag
endreMýkonos har dei siste femti åra vorte eit internasjonalt særs populært reisemål for jet set-folk. Ho er kjend for sitt yrande natteliv og det store talet på barar og nattklubbar. Mange greske og internasjonale kjendisar har sommarhus på Mýkonos. Denne populariteten har ført til at bustadmarket har auka kraftig dei siste åra og det er bygd mange nye private hus, villaer og hotell. Dette har gjort fleire urolege for at øya gradvis kjem til å miste sitt særpreg. For å motverke dette må alle nye bygningar følgje den kykladiske arkitekturstilen.
Mýkonos har skular, bankar, kyrkjer, eit postkontor og plassar (plateies). Øya har òg to hamner, ei «gamal» og ei «ny».
Byar og tettstader
endreDei største byane og tettstadene i kommunen er:
Tettstad | Folketal 2011[3] | Folketal 2021[1] |
---|---|---|
Mýkonos (Khóra) | 3 783 | 4 808 |
Áno Merá | 1 459 | 1 967 |
Klouvás | 953 | 1 273 |
Ornós | 1 025 | 715 |
Toúrlos | 669 | 593 |
Platýs Jalós | 833 | 317 |
Plindrí | 544 | 299 |
Andre busetnader på øya er:
- Ájos Ioánnis Diakóftis (190)
- Ájos Stéfanos (171)
- Kalafáti (128)
- Fáros Armenistís (120)
- Psarroú (108)
Småøyar i kommunen:
Referansar
endre- ↑ 1,0 1,1 1,2 Folketeljing 2021
- ↑ Νόμος 3852/2010 - ΦΕΚ 87Α/7-6-2010
Lov 3852/2010: Kallikratis-reforma, arkivert frå originalen 30. juli 2023, henta 7. september 2023 - ↑ Folketeljing 2011, revidert
Bakgrunnsstoff
endreKjelde
endre- Denne artikkelen er basert på ei omsetjing av artikkelen Mykonos frå Engelsk Wikipedia .