Áskio
Áskio (gresk Άσκιο) er ei fjellkjede vest i periferieininga Kozáni og i delar av Kastoriá i Hellas. Den høgaste toppen er 2 111 moh.
Áskio Άσκιο | |||
fjell | |||
Land | Hellas | ||
---|---|---|---|
Område | Kozáni og Kastoriá | ||
Høgd | 2 111 moh. | ||
Áskio 40°24′23″N 21°33′24″E / 40.406388888889°N 21.556666666667°E | |||
Wikimedia Commons: Askio |
Fjellet er om lag 30 km frå nordvest til søraust og 15-20 km breitt frå sørvest til nordaust.
Skogar dominerer dei lågareliggande områda og inneheld furu og gran, medan dalar, grassletter og buskar, i tillegg til berre område, dominerer i høgareliggande område. Området rundt fjellet inneheld landsbyar, skogsvegar og turstiar.
Frå toppen kan ein sjå dei nordlege Píndosfjella i nord, inkludert Khásia, Týmfi, Smólikas og Grámmos, Vérmiofjella i aust og i det fjerne Ólymbos.
Næraste stader
endre- Vlásti, nord
- Árdassa, nordaust
- Asvestópetra, nordaust
- Mavrodéndri, aust
- Kozáni, søraust
- Vateró, sør
- Alonákia, sørvest
- Skíti, sør
- Galatiní, sørvest
- Dryóvouno, vest
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Askio» frå Wikipedia på engelsk, den 22. august 2007.