Å, jul med di gleda
Me klappar i hendene, |
«Å, jul med di gleda» (originaltittel «O Jul med din Glæde») er ein julesong skriven av Gustava Kielland. Tonen er ein henta frå ein svensk barneleik, «Viljen I veta och viljen I förstå».
Songen er skriven som ein songleik, og han vert ofte sungen i gangen rundt juletreet på juletrefestar. Teksten vart omset til nynorsk av Bernt Th. Anker til Songbok for sundagsskulen og uppbyggjingsmøter i 1906.[1]
Innspelingar
endre(i utval)
- Erling Krogh og døtrene hans, Inger Marie og Grethe. med orkester. Innspilt i Oslo 18. august 1931. Gjeve ut på 78-platene His Master's Voice X 3835 og His Master's Voice A.L. 2162.
- Ragnvald Ilen med strykekvintett. Spelt inn i oktober 1932. Gjeve ut på 78-plata Parlophon[2] B 41155.[3] Seinare gjeve ut på 78-plata Odeon D 3101.
- John Weyer Larsen med kor og orkester (Fritz Austins orkester). Dir.: Dag Kristoffersen. Arr.: Dag Kristoffersen. Var med på Juletoner – 1. del saman med «Du grønne glitrende tre» og «Jeg er så glad hver julekveld». Gjeve ut på 78-plata Philips P 53002 H i 1953.
- Arne Hendriksen, tenor, med Robert Levins orkester. Gjeve ut på 78-plata His Master's Voice A.L. 3429 i 1954 og på EP-platen His Master's Voice 7EGN 8.
- Jens Book-Jenssen med jentekor og orkester. Gjeve ut på 78-plata RCA NA 1033 i 1957 og på EP-plata RCA REP 313.
- Olav Werner med Rolf Holger, orgel. Spelt inn 27. september 1961. Gjeve ut på EP-plata Odeon GEON 56 og på LP-plata Glade jul (Odeon MOCN 1001).
Kjelder
endre- ↑ aasentunet.no
- ↑ Det heitte Parlophon på den tida
- ↑ Ragnvald Ilen: O, jul med din glede (Parlophon B M41155, 78-plate)
Bakgrunnsstoff
endre- Nynorsktekst Arkivert 2018-12-04 ved Wayback Machine. ved Aasentunet
- Delar av bokmålstekst på Wikisource