Olav Werner
Olav Werner (29. juli 1913–10. mars 1992) var ein norsk songar frå Geithus i Modum kommune. Han var mykje nytta som solist både i Ønskekonserten og NRK sine andaktsprogram. Han gav ut ei rekke plater og heldt mange konsertar, over 300 av desse var saman med organisten Rolf Holger.
Olav Werner | |||
Fødd | 29. juli 1913 | ||
---|---|---|---|
Fødestad | Modum kommune | ||
Død | 10. mars 1992 (78 år) | ||
Opphav | Noreg | ||
Instrument | vokal | ||
Verka som | songar |
Olav Werner var tenor/baryton. Han studerte song med Sigurd Hoff ved Musikkonservatoriet i Oslo. Frå 1937 song han inn over 600 singlar og LP-plater. I fleire år song han slagarar, men i 1945 debuterte han med kyrkjekonsertar. I NRK song Werner romansar og folketonar. Han medverka òg ved eit par operaoppsettingar. I 19 år var han medlem av Andaktskvartetten. Han var med då operaen Cymbelin vart oppført på Nationaltheatret. Han gav konsertar i Skandinavia, England og Tyskland.
7. juni 2009 vart det avduka ein bauta til minne om Olav Werner på Geithus. Olav Werner budde på Eiksmarka det meste av livet sitt. I mange år åtte og dreiv han eit gravferdsbyrå i Oslo,
Diskografi
endre- «Det lyser i et vindu» (1938). Debutplate.
- «Under svaiende palmer»/«Mitt paradis» (Odeon), saman med Eva Bereng til Guttorm Frølichs Hawaiiorkester.
- «Kom til den hvitmalte kirke» (Emidisc)
- «Glade Jul» (Odeon), saman med Sølvguttene
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Olav Werner» frå Wikipedia på bokmål, den 27. oktober 2013.
- Notis i Budstikka 6. juni 2009 side 49.
- Olav Werner død. Artikkel i Aftenposten 11. mars 1992 side 37.
Bakgrunnsstoff
endre- Om Olav Werner hos ballade.no Arkivert 2010-09-18 ved Wayback Machine.