Å velta ei ku er ei bok skriven av Vegard Terøy frå Hetlandsbygda i Ryfylke (Rogaland). Boka er gjeven ut av forlaget Hetland Media i 2010.[1]

Samandrag endre

Å velta ei ku handlar om Olav Bjelland, ein ungdomsskulegut i sin beste alder. Den raude tråden får ein gjennom tankane hans. Olav sine framtidsplanar er fastsette - han skal ta over garden etter far sin. Dette skal derimot visa seg å verte vanskeleg etter at foreldra til Olav skil lag og garden vert selt. Olav reagerer med å stikke av til fjells for å leva i eitt med naturen.

Dei personane Olav har mest kjær er mormor, farfar og bestevennen Egil. Mormora verkar ateistisk, men trur på åndar og spøkelse. Farfaren er veldig kristen. Gravferda hans vert skildra i slutten av boka. Olav og vennen, Egil, har to heilt forskjellige syn på verda. Olav er inneslutta, har inga tru på menneskje og meiner at det er lita vits i å utforske verda. Egil, derimot, er så og seie den rake motsetjinga av Olav. Etter ungdomsskulen skal han vidare til Stavanger på vidaregåande skule. Olav fullfører aldri ungdomsskulen, men det skal vise seg at det ikkje har noko å seie for han...

Etter ei stund i fjellet, vert Olav bragt heim av Røde Kors. Han vert ikkje lenge heime, før han fér til fjells att. Denne gong fordi far hans kjem heim på bursdagen til son sin, og fortel om at mora, Trine, er ei hore.

Denne gongen klarar Olav å verte i skogen i over 60 dagar. Men livet i skogen forandrar Olav drastisk, både mentalt og fysisk. Det endar med at han treffer på ein engel, som etter kvart vert samanlikna med djevelen. Etter redsle og løping nedover fjellet hamnar Olav til slutt ved Hetlandsvatnet. Der beskrivast det som om han druknar og vert fødd på ny.

Det heile endar med at Olav følgjer eit kall, som er å ha eit liv i vatnet. Han vert på ein måte ein personifisering av vatn. Profetiet hans er dauden.

Oppfølgjar endre

På line over livet er tittelen på oppfølgjaren til «Å velta ei ku» og vart gitt ut hausten 2011.[2]

Kjelder endre

  1. «Å velta ei ku : roman», www.nb.no, henta 22. mars 2023 
  2. «På line over livet : roman», www.nb.no, henta 22. mars 2023