Åbo Akademi

Åbo Akademi er eit svenskspråkleg universitet i Finland. Universitetet vart grunnlagt i 1918. Det var eit privat universitet fram til 1981, då det vart overteke av staten. Den største delen av akademiet ligg i Åbo, men enkelte einingar er lagt til Vasa.

Hovudbygningen til Åbo Akademi på Domkyrkotorget i Åbo

Åbo Akademi har rundt 7000 studentar og 1300 tilsette. Kvart år vert det utdanna 500 mastergradsskandidater og 70 doktorgradskandidatar.

Biblioteket har ansvar for den finlandssvenske litteraturen. Det er kjent for sine samlingar av gamle bøker i Finland.

Fakultetområde og instituttEndra

Åbo Akademi er inndelt i tre fakultetområde. Kvart område vert leia av ein prorektor. Fakultetområda er:

Humanistisk fakultetområde:

  • Humanistisk fakultet
  • Pedagogisk fakultet
  • Teologisk fakultet
  • Institutt for psykologi og logopedi

Samfunnsvitskapleg fakultetområde:

  • Handelshögskolan
  • Institutt for sosialvitskap
  • Institutt for statsvitskap
  • Institutt for rettsvitskap

Naturvitskapleg fakultetområde:

  • Institutt for biovitenskap
  • Institutt for informasjonsteknologi
  • Institutt for kjemiteknikk
  • Institutt for naturvitskap

KjelderEndra

BakgrunnsstoffEndra