Åggelby
Åggelby (finsk Oulunkylä) er ein tidlegare kommune i landskapet Nyland i Finland. Kommunen hadde 3&503&2556&2 556 innbyggjarar i 1938. Åggelby var ein tospråklig kommune med svensk som majoritetsspråk (rundt 75 % svensktalende).
Åggelby vart utskilt frå Helsinge i 1921 og var eigen kommune fram til 1946. Dette året vart kommunane Brändö, Haga, Hoplax og Åggelby slått saman med Helsingfors. Åggelby er no ein bydel i Helsingfors som omfattar bustadsområda Dammen, Grindbacka og Grinddal.
Åggelby ligg nord for sentrum av Helsingfors og vest for Vanda å. Området vart utbygget som eit villaområde på byrjinga av 1900-talet. På slutten av 1900-talet vart busetnaden kraftig fortetta.
Jarnbanelinja nordover frå Helsingfors sentrum går gjennom Åggelby. Nord for jernbanestasjonen til bydelen ligg Åggelby idrottspark (finsk: Oulunkylän liikuntapuisto) med kunstisbane og ishall.
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Åggelby» frå Wikipedia på bokmål, den 23. september 2016.
Bakgrunnsstoff
endre- Artikkel om Åggelby i Nordisk familjebok, bind 33, spalta 942, 1922
- Uppslagsverket Finland[daud lenkje], Åggelby