Hanöbukten
Hanöbukten er ei bukt i Austersjøen på austkysten av Skåne. Bukta strekkjer seg frå Listerlandet i nord til Stenshuvud i sør. Hanöbukten har fått namnet sitt frå øya Hanö.
Dei viktigaste hamnene rundt Hanöbukten er Sölvesborg, Åhus og Kivik.
Elver som Skräbeån, Helge å, Julebodaån og Verkeån munnar ut i bukta.
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Hanöbukten» frå Wikipedia på bokmål, den 31. mars 2012.