Åkermans Verkstad

(Omdirigert frå Åkermans Verkstad AB)

Åkermans Verkstad AB er ein tidlegare gravemaskinprodusent i Eslöv i Sverige. Åkermans utvikla seg til den fremste gravemaskinprodusenten i Sverige i etterkrigstida.

Åkerman H14 i arbeid i Jyväskylä i Finland.

Tidleg historie endre

I 1872 starta Nils Håkansson ei smie i Eslöv, som han i 1878 selde til J. Ljungberg, som endra namnet til Ljungbergska Gjuteriet. I 1889 kjøpte Lars Petter Åkerman, ein av eigarane av Hvilans Mekaniska Verkstad i Kristianstad, føretaket og endra namnet til Åkermans Gjuteri och Mekaniska Verkstad. På denne tida var hovudprodukta glaskarmar av støypejarn, brannpumper, torvmaskiner og oppføring av brenneri. Åkerman døydde i 1897, og året etter vart føretaket gjordt om til aksjeselskap og fekk namnet Aktiebolaget Åkermans Gjuteri och Mekaniska Verkstad. I 1906 vart føretaket omorganisert endå ein gong og fekk namnet Nya A.-B. Åkermans Gjuteri och Mekaniska Verkstad, men i 1923 vart namnet endra attende til det tidlegare Aktiebolaget Åkermans Gjuteri och Mekaniska Verkstad.

I 1907 byrja føretaket produksjon av delar til dampkjelar, og i 1910 tok dei opp produksjon av støypte dampkjelar. Men fram til 1918 var det torv- og brennerimaskiner som var hovudprodukta. Produksjonen av dampkjelar vart lagd ned i 1923. På 1920-talet vart det produsert veghøvlar og vegvalsar.

Gravemaskinproduksjonen endre

I 1938 flytte Åkermans frå Eslöv sentrum, der Medborgarhuset ligg i dag, ut til lokale på Bruksgatan aust i Eslöv. I 1939 tok Åkermans til med gravemaskinproduksjon, og det var dette produktet som gjorde Åkermans internasjonalt kjend. Den fyrste gravemaskina, ei Åkerman 300, vart levert til Sjöbo Cementgjuteri. I desember 1965 vart føretaket børsnotert, men fram til 1988 var familien Linander den største eigaren. I 1971 kjøpte Åkermans gravemaskinavdelinga til Kockum-Landsverk og i 1981 kjøpte dei ein monaleg aksjepost i Brødrene Søyland A/S. I 1991 vart Åkermans sjølv kjøpt opp av VME Group og namnet vart endra til VME Excavators AB. Men Åkerman vart framleis nytta som varemerke fram til Volvo seks år seinare byrja å selja gravemaskiner under sitt eige namn. I 1995 kjøpte Volvo VME Group og endra namnet til Volvo Construction Equipment.

I 1999 var gravemaskinproduksjonen i Eslöv nedlagd.

Kjelder endre

Bakgrunnsstoff endre