Åkersprøyte, eller ugrassprøyte, er ei jordbruksmaskin som vert nytta for å spreia ugrasmiddel for å drepa ugras.

Bakmontert åkersprøyte.

Ugrasmiddelet vert blanda ut i vatn og væska vert fordelt over avlinga gjennom dyser som forstøvar væska slik at ho skal festa seg til bladverket på plantene. Væska vert pressa ut gjennom dysene av ei pumpe, som på traktormonterte sprøyter vert driven frå kraftuttaket.

Bakmonterte åkersprøyter endre

Åkersprøyter er ofte monterte på trepunktsopphenget på ein traktor. Desse har ein tank for sprøytemiddel og ein samanleggbar sprøytebom med dyser som fordeler sprøytemiddelet[1]. Høgda på bommen kan regulerast ved å regulera høgda på løftestengane.

Slepesprøyter endre

 
Slepesprøyte ved Hillgroven i Schleswig-Holstein.

Store åkersprøyter er utforma som ein tankvogn med ein samanleggbar sprøytebom. Vogna er vanlegvis einaksla, med store og smale lågtrykksdekk for å redusera marktrykket og nedtråkking av avlinga. Dette er òg til nytte når sprøytene vert nytta i radvekster.

Sjølvgående sprøyter endre

 
Stor sjølvgåande åkersprøyte.

På store bruk vert det av og til nytta store sjølvgåande åkersprøyter. Nokre av desse er bygd rundt ein traktor med ekstra store hjul, for å auka frigangshøgda. Dei kan og vert bygd på ein firehjuldriven terrengbil, som til dømes Mercedes Unimog. Men dei største sprøytene er spesialbygde maskiner og vert nytta der det er store areal som skal sprøytast fleire gongar i sesongen.

Ryggtåkesprøyter endre

Innan hagebruk, og av og til på småbruk, vert det nytta berbare sprøyter. Desse er monterte på ein meis og vert drivne av ein liten totaktsmotor. På grunn av at sprøytemiddelet kan vera irriterande eller giftig vert det nytta gassmaske under arbeidet.

Referansar endre

  1. Bell, B, Farm machinery, 4. utg., Farming Press, 1996,

Sjå òg endre