Gassmaske
Ei gassmaske er ei maske som vert nytta til å verne brukaren mot røyk, giftig eller skadeleg gass i lufta. Maska dekkjer munn og nase, men kan òg verne auge og hud. Ein vanleg variant er gassmasker med kolfilter.
![](http://upload.wikimedia.org/wikipedia/commons/thumb/8/8a/Gasmaske_von_Leonhard_Michel%2C_item_7.jpg/220px-Gasmaske_von_Leonhard_Michel%2C_item_7.jpg)
![](http://upload.wikimedia.org/wikipedia/commons/thumb/6/6b/Gasmask.jpg/220px-Gasmask.jpg)
Bruk av gassmasker i krig
endreMilitære einingar vert utstyrt med gassmasker, om det er risiko for åtak med kjemiske våpen. Gifta vert utskoten til dømes med artillerigranatar, rakettar eller flybomber. Kjemiske våpen i moderne form vart brukte fyrste gong under 1. verdskrigen. Etter det har kjemiske våpen ikkje vore mykje nytta mot store militære einingar. I Irakkrigen frykta koalisjonsstyrkane at Saddam Hussein gøymde kjemiske våpen. For å beskytte seg mot kjemiske åtak var soldatane var med gassmasker og vernedrakter.
Bakgrunnsstoff
endreDenne artikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han. |