For fjorden med same namn sjå Ålfotfjorden


Ålfoten er ei bygd i Bremanger kommune og ligg på sørsida av Nordfjorden. Bygda består av dei fire bygdelaga Førde (Føre), Sigdestad, Myklebust og Vik og har om lag 200 innbyggjarar.

Ålfoten
stad
Land  Noreg
Fylke Vestland
Kommune Bremanger
Postnummer 6737
Preposisjon i Ålfoten
Ferdselsårer 614
Kart
Ålfoten
61°50′20″N 5°40′28″E / 61.838888888889°N 5.6744444444444°E / 61.838888888889; 5.6744444444444
Wikimedia Commons: Ålfoten (village)

Bygda har barneskule, barnehage, daglegvarebutikk og kyrkje. I Ålfoten ligg to kraftstasjonar, Åskåra og Yksneelvane.

I sørvest ligg Ålfotbreen, og aust for denne ligg Gjegnalundsbreen. På sørsida av Ålfotfjorden ligg fjella Høgefjellet, Bukkenibba og Blånibba (Gjegnen). Nord for bygda ligg fjella Nakken, Kårnyken, Kvasshornet og Klakegga. Bygda har tre dalar, Førdsdalen (Førs-), Sigdestaddalen og Myklebustdalen. I Førdsdalen ligg vatna Osvatnet, Vasslidvatnet og Urvatnet. Lengst ute i dalen ligg Store Førdevatnet.

Bygda har veg gjennom Myklebustdalen til kommunesenteret Svelgen, til Ytre Bremanger via den undersjøiske Skatestraumtunnellen under Skatestraumen og til nordsida av Nordfjorden med ferja Isane-Stårheim.

Bilete

endre