Ålhus kyrkje
Ålhus kyrkje står på Ålhus i Sunnfjord kommune i Vestland, og er ei tømra langkyrkje frå 1795.[1]
Ålhus kyrkje | |||
kyrkje | |||
Land | Noreg | ||
---|---|---|---|
Fylke | Vestland | ||
Kommune | Sunnfjord | ||
Kyrkjesamfunn | Den norske kyrkja | ||
Bispedøme | Bjørgvin | ||
Prosti | Sunnfjord | ||
Sokn | Ålhus | ||
Fellesråd | Sunnfjord | ||
Type | Langkyrkje | ||
Innvigd | 1795 | ||
• Endringar | 1868: bordkledd 1933: påbygd sakristi | ||
Kyrkjegard | Ved kyrkja | ||
Sitjeplassar | 250 | ||
Ålhus kyrkje 61°31′51″N 6°14′03″E / 61.5308°N 6.2341°E | |||
Wikimedia Commons: Ålhus kyrkje |
Kyrkja vart restaurert i 1868, då vart kyrkja bordkledd og kvitmåla og vindaugene vart gjord høgare. I 1871 vart det bygd galleri og veggene innvendig vart gulmåla medan taket vart måla kvitt. Sakristi vart bygd til i 1933. I perioden 1947-1951 vart kyrkja restaurert, då vart mellom anna gulmålinga teken bort att frå veggene.[1]
Den noverande kyrkja erstatta ei stavkyrkje frå mellomalderen.[1] Altartavla, altaret, døypefonten, ei kyrkjeklokke og preikestolen vart flytt over frå stavkyrkja og er framleis i bruk. Altaret er i kleberstein og har gøymerom for relikviar.[2]
Også døypefonten er frå mellomalderen, medan altartavla er ein kopi etter Rubens og vart gjeven til kyrkja i 1691.[3] I våpenhuset står det ei gammal dør som det vert sagt at er frå borga til Audun Hugleikson.[1] Gravstaden til målaren Nikolai Astrup er på kyrkjegarden ved kyrkja.[1]
Ålhus kyrkje er soknekyrkje i Ålhus sokn i Sunnfjord prosti. Fram til Vassenden kyrkje vart vigsla i 2002 var ho einaste kyrkja i soknet.
Far til målaren Nikolai Astrup var sokneprest i Ålhus, og Astrup vaks opp på prestegarden ved kyrkja. Mange bilete av Astrup har inspirasjon frå oppveksten og ungdomstida på prestegarden.[4]
Fotnotar
endre- ↑ 1,0 1,1 1,2 1,3 1,4 «Hermund Kleppa: «Ålhus kyrkje» på nettstaden til Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane». Vitja 27. desember 2008
- ↑ Alf Henry Rasmussen, red. (1993). Våre kirker : norsk kirkeleksikon. Kirkenær: Vanebo Forlag. ISBN 82-7527-022-7. [«Ålhus kyrkje» på s. 339]
- ↑ ««Ålhus kyrkje» i NRK Sogn og Fjordane Fylkesleksikon». Vitja 27. desember 2008
- ↑ Loge, Øystein (1986). Gartneren under regnbuen: hjemstavnskunstneren Nikolai Astrup. Dreyer. ISBN 8209103571.
Bakgrunnsstoff
endre- Øvrebø, Egil og Oddleiv Apneseth, Ålhus kyrkje. Utg. Ålhus sokneråd. ISBN 82-993444-0-9. 109 s. Ill.
- Om Ålhus sokn på nettstaden til Den norske kyrkja
- «Kirkebøker, Sogn og Fjordane» på nettstaden til Arkivverket
- Eldre fotografi av Ålhus kyrkje på nettstaden til Nasjonalbiblioteket
- Skanna kyrkjebøker frå Sogn og Fjordane på nettstaden til Arkivverket
- Oversyn over gravminne i Jølster kommune på nettstaden disnorge.no
- Ålhus kyrkje i kulturminnesok.no, nettstaden til Riksantikvaren
- «Ålhus kyrkje». Kirkesøk. Den norske kyrkja.