Vassenden kyrkje

kyrkje i Jølster

Vassenden kyrkje står på Vassenden i Sunnfjord kommune i Vestland, og er ei arbeidskyrkje frå 2001.[1]

Vassenden kyrkje
kyrkje
Land  Noreg
Fylke Vestland
Kommune Sunnfjord
Kyrkjesamfunn Den norske kyrkja
Bispedøme Bjørgvin
Prosti Sunnfjord
Sokn Ålhus
Fellesråd Jølster
Arkitekt Per W. Skarstein
Material Leca
Innvigd 22. september 2002
Kyrkjegard Ved kyrkja
Altartavle Av Jørleif Uthaug, frå 1992
Sitjeplassar 400
Kart
Vassenden kyrkje
61°29′26″N 6°06′50″E / 61.4906°N 6.1139°E / 61.4906; 6.1139
Wikimedia Commons: Vassenden kyrkje
Vassenden kyrkje is located in Sogn og Fjordane
Plasseringa til Vassenden kyrkje

Kyrkja er teikna av arkitekt Per W. Skarstein og vart sett opp på dugnad av Stiftinga Vassenden kapell/kyrkjesenter [1] Ho er bygd i kvitpussa lecastein, og taket har form som ein skeiv pyramide med tårn over over austre enden. Kyrkja vart vigsla 22. september 2002, og har status som kapell i Ålhus sokn.[1] Det har vore kyrkjegard på staden sidan 1930.[1]

Altartavla viser Jesu himmelferd og Jerusalem og er måla av Jørleif Uthaug. Ho var eigentleg tinga til Holsen kyrkje i Førde, men der ville ikkje kyrkjelyden ha henne då det kom til stykket, og difor fekk dei overta henne på Vassenden.[1]

Fotnotar endre

Bakgrunnsstoff endre