Respirasjonsorgan

(Omdirigert frå Åndedrettsorgan)

Respirasjonsorgan eller pusteorgan er eit fellesomgrep for synlege og usynlege organ alle dyr nyttar til å puste med. Pusteorgana inngår i respirasjonssystema til alle dyr.

Skisse av respirasjonssystemet.

Alle amniotar har eit utvendig pusteorgan, som minimum inkluderer dei synlege pusteopningane, eller pusteopninga (altså nasebor). Organet kan ha ein eksteriørmessig utforming som ei nase (helst primatar), snute med naseopningar (dei fleste dyr) eller snabel (elefantar), blåsehol (kvalar), nebb (fuglar, nebbdyr og skjelpadder), eller gjelleopningar (fisk bortsett frå lungefiskar).

Dei innvendige pusteorgana varier med arten. Mange har i tillegg til det utvendige pusteorganet også innvendige nasegangar, munnhole, svelg, strupehovud, luftrøyr og lunger som inngår i respirasjonsssystemet.

Sjå òg

endre