Nebb er eit avlangt, avspissa bein som stikk ut ved munnopninga til alle fuglar og nokre andre dyr, som nebbdyr.

Med dei spisse nebba sine kan hakkespettar laga hol i bork og tre.

Nebbet er den einaste reiskapen fuglar har til å få i seg mat og vatn. Sidan dei ikkje har tenner må dei ofte svelgja maten heil. Nebbet kan likevel utføra mange viktige oppgåver om det ikkje kan tyggja.

Dei fleste rovfuglane har utvikla skarpe nebb som kan skjere gjennom kjøt, medan kolibrien har eit spisst langt nebb som han stikk inn i visse blomar for å drikka nektaren deira. Hakkespettar bruker nebbet til å hakka seg gjennom bark og tre, medan papegøyefuglar har vridde nebb som dei kan bruka til å riva i frukter. Flamingoar har lange nebb som dei grip fisk med, medan ender har flate nebb som gjer at dei kan halda igjen fisk og plantar medan dei siler ut vatnet.

Døme på ulike nebbtypar.

Nebb i norske uttrykk endre

Nebb kan liknast med våpen, som i uttrykket om å «forsvara seg med nebb og klør». Nebb brukt på ein annan måte, til å uttrykka seg, gjerne på uforskamma vis, finn me i uttrykket «nebbete».

Bakgrunnsstoff endre