Åros bru
Åros bru er ei vegbru på fylkesveg 35 i Sokndal kommune i Rogaland. Brua kryssar elva Sokno i Sogndalsstrand. Ho vart offisielt opna 27. november 1999 og avlasta Sogndalsstrand bru frå 1882. Åros bru er ei steinkvelvbru, og var den fyrste av denne brutypen som vart bygd i Noreg på over 60 år. Steinhkelvbruer var tidlegare vanlege i Noreg, men brutypen vart utkonkurrert av betongbruer før andre verdskrig.[1] Åros bru kosta nesten dobbelt så mykje som ei tilsvarande bru i betong ville ha gjort, men det ein gjekk ut i frå at pengane kunne sparast inn sidan steinbruer er vedlikehaldsfrie.[2]
Sjå ògEndra
KjelderEndra
- Denne artikkelen bygger på «Åros bru» frå Wikipedia på bokmål, den 11. juni 2011.
- Wikipedia på bokmål oppgav desse kjeldene:
- ↑ Vegen og Vi: - Hvem tør bygge ei steinhvelvbru? (nr. 9/2003, 5. juni 2003)
- ↑ Stavanger Aftenblad: Åros bru (28. juni 2007)