Åsa i Halland
57°20′58.355″N 12°6′55.242″E / 57.34954306°N 12.11534500°E
Åsa i Halland | |||
Land | Sverige | ||
---|---|---|---|
Areal | 902 km² | ||
Folketal | 6 479 (31. desember 2020) | ||
Åsa i Halland 57°20′55″N 12°07′04″E / 57.348633925628°N 12.117887633428°E | |||
Wikimedia Commons: Åsa, Kungsbacka Municipality |
Åsa er ein tettstad i Kungsbacka kommun i Hallands län i Sverige. I 2005 hadde tettstaden 3 218 innbyggjarar, og eit areal på 2,75 km².[1] Åsa ligg cirka 45 kilometer sør for Göteborg.
Åsa er ein populær badeby for folk frå Göteborg, og tidlegare på 1900-talet òg for folk frå Borås. Spesielt populær er «Vita Sand» (Sörvik) som ligg ved Åsa Camping.
Byen har ein skule, Åsaskolan, med ca. 550 elevar.[2] Den store innflyttinga til byen dei seinare år har medført at enno ein skule, Åsa gardsskola, blei innvigd i 2008.
Byen har ein særs aktiv idrettsforening, Åsa IF, som har aktivitetar innan mellom anna fotball og innebandy. Kvart år blir det arrangert «Åsa-cupen» i fotball for jenter og gutar t.o.m. 12 år. Cupen trekkjer til seg lag frå heile det sørlege Sverige.
I byen finst daglegvarebutikk, bakeri, bensinstasjon med bilverksted, klesbutikkar, pizzeriaer og thairestaurant.
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Åsa (Halland)» frå Wikipedia på bokmål, den 29. juni 2012.
- Wikipedia på bokmål oppgav desse kjeldene:
- ↑ Tätorter; arealer, befolkning 2005, Befolknings- og arealfakta frå SCB, oppdatert 11. Mars 2008
- ↑ Kungsbacka kommuns webbplats[daud lenkje]