Åsane gamle kyrkje

kyrkje i Bergen kommune

Åsane gamle kyrkje er ei langkyrkje frå 1795Saurås i Åsane i Bergen kommune (Hordaland fylke). Kyrkja ligg i Sauråsbakken nedanfor Saurås gard.

Åsane gamle kyrkje
kyrkje
Foto: B. Ystebo
Kyrkjesamfunn Den norske kyrkja
Bispedøme Bjørgvin
Prosti Åsane
Sokn Åsane
Fellesråd Bergen
Arkitekt Ole Landmark
Teknikk Mur
Material Teglstein
Innvigd 1795
 - Endringar Utv. 1891–95, rest. 1935, brann 1992, bygd opp att 1995
Kyrkjegard Ja
Orgel Gunnar Fabricius Husted (1995)
Sitjeplassar 240
Kart
Åsane gamle kyrkje
60°28′30″N 5°19′33″E / 60.4751°N 5.3257°E / 60.4751; 5.3257
Wikimedia Commons: Åsane gamle kirke

Historie endre

Ei kyrkje på same staden er nemnt alt i 1598. Steinkyrkja, om lag slik vi kjenner ho i dag, vart vigsla av biskop Johan Nordahl Brun. På 1800-talet vart kyrkja bygd om fleire gonger. Byggverket er i stein og tre.

I 1935 vart kyrkja restaurert av arkitekt Ole Landmark. Eit murt sakristi vart då bygd vinkelrett på nordmuren i koret.[1]

Kyrkja vart tent på (av Varg Vikernes og Jørn Tunsberg) og brann ned julaftan 1992.[2][3] Ho vart bygd opp att som ein tro kopi med dei opphavelege steinmurane og ny treinnreiing, og vart nyinnvigd 19. november 1995 av biskop Ole Danbolt Hagesæther. Det var mogleg å byggje opp att kyrkja i same utforminga fordi ein hadde mange amatørbilete å sjå etter. Mange eldre gjenstandar som befann seg i kyrkja, gjekk tapt i brannen. Kyrkja har eit krusifiks frå 16–1700-talet som truleg er frå ei tysk kyrkje, og som skipsreiar Arne Steckmest forærte til kyrkja i 1997.

Det står ein minnebauta over falne frå Åsane i andre verdskrigen nær kyrkja. På gravplassen er det reist ein minnestein over falne russiske soldatar i krigsåra 1941–45.

Fotnotar endre

  1. «Norges kirker»
  2. Åsane gamle kirke hos DIS-Norge
  3. Bergensavisen – Varg «Greven» Vikernes

Kjelder endre

Bakgrunnsstoff endre