Åse Wetås (fødd 25. juni 1972 i Sandnes) er ein norsk leksikograf, språkvitar og direktør i Språkrådet. Ho var prosjektdirektør for Norsk Ordbok 2014 frå 2008 og vart utnemnd til direktør i Språkrådet i 2015.[1][2]

Åse Wetås
Fødd25. juni 1972
Sandnes kommune
NasjonalitetNoreg
Yrkeleksikograf

Karriere endre

Wetås byrja å arbeida med Norsk Ordbok 2014 i 2005, først som redaksjonsassistent. Tre år seinare overtok ho leiinga for prosjektet etter Kristin Bakken.[3]

Åse Wetås er cand.philol. frå 1999 med nordisk hovedfag, engelsk grunnfag og lingvistikk semesteremne. Hovedfagsoppgaven Namneskiftet Kristiania-Oslo kom ut som bok på Novus forlag i 2000.[4] Ho har doktorgrad i nordisk språkvitskap (dr. art.) frå Universitetet i Oslo i 2008 med avhandlinga Kasusbortfallet i mellomnorsk. Ein komparativ studie av proprialt og appellativisk material.

I 1992 vart ho tildelt prisen for ein av dei beste artiumstilane på nynorsk av Det Norske Samlaget. På midten av 1990-talet var ho ungdomssekretær i LO i Rogaland. Frå 1998 til 1999 jobba ho som vitskapleg assistent ved Seksjon for namnegransking, UiO, deretter var ho høgskulelektor ved Høgskulen i Stavanger før ho kom attende til Oslo som universitetslektor frå 2000 til 2001. Så vart ho universitetsstipendiat i fire år fram til ho byrja som redaktør i Norsk Ordbok i 2005. I 2001 skreiv ho fire rapportar om bruk av nynorsk skriftspråk for Språkrådet. Ho har òg skrive ei rekkje fagartikler innan namnegransking, morfologi og dialektologi. Åse Wetås var medlem av Språkrådet sitt utval som la fram innstillinga om ny rettskriving for nynorsk i 2011. Ho var styremedlem i Språkrådet frå 2011 til 2015, då ho vart utnemnd til direktør i Språkrådet.

Kjelder endre

Referansar