Vera Henriksen
Vera Henriksen (fødd Vera-Margrethe Roscher Lund, 22. mars 1927–23. mai 2016) var ein norsk forfattar.
Vera Henriksen | |
Statsborgarskap | Noreg |
Fødd | 22. mars 1927 Oslo |
Død |
23. mai 2016 (89 år) |
Yrke | skodespelforfattar, skribent |
Språk | norsk |
Far | Ragnvald Alfred Roscher Lund |
Henriksen vart fødd og voks opp i Oslo. I åra mellom 1946 og 1963 budde ho i USA, der ho studerte arkitektur og kunsthistorie. Seinare busette ho seg i Lom, der ho døydde.
Ho debuterte i 1961 med romanen Sølvhammeren, første del av Sigrid-trilogien. Bok nummer to, Jærtegn, kom i 1962, og den siste boka, Helgenkongen, kom året etter. Denne serien fekk stor suksess. Henriksen har også skrive sogespel, blant anna Asbjørn Selsbane og Sverdet, og dessutan sakprosa, som historia til Luftforsvaret og populærvitskaplege framstillingar av sagatidsemne.
Vera Henriksen skreiv mange romanar der handlinga er lagt til mellomalderen og andre historiske epokar. Fleire av bøkene hennar tar opp den problematiske overgangen frå norrøn gudetru til kristendom.
Vera Henriksen var dotter til Alfred Roscher Lund, den første sjefen for Etterretningstenesta.
Bibliografi
endre- Dronningsagaen (Roman) 2011
- Sigvat (Lyrikk) 2007
- Jarlefeiden (roman) 2003
- Ildens sang (roman) 2002
- Klangen av en lutt (roman) 2001
- Veodalen (Fakta) 2001
- Stavkjerringa (Roman) 1997
- Luftforsvarets historie: Bind 2: Fem år i utlegd (Sakprosa) 1996
- Luftforsvarets historie. Bind 1: Fra opptakt til nederlag (Sakprosa) 1994
- Selja og Stad (Sakprosa) 1992
- Skipet uten drage. Vest i havet (Ungdomsbok) 1992
- Skipet uten drage. Månesteinen (Ungdomsbok) 1991
- Legenda om den heilage Sunniva og Seljumennene. Presentert av Vera Henriksen. Illustrert av Inger K. Giskeødegård. Nynorsk omsetjing: Harald Grytten. Utgjevar: Klostergruppa i Selje. 1991 (Nynorsk) [1]
- Skipet uten drage. Olav ulvunge (Ungdomsbok)1990
- Silhuetter mot hvitt lys (Roman) 1990
- Bodvars saga. Ravn og due (Roman) 1989
- Mot en verdens ytterste grense. Vest for storhavet - Grønland og Vinland (Sakprosa) 1988
- Eventyrsagaen (Barnebok) 1988
- Rekviem for et lite dampskip (Roman) 1988
- Under seil mot det ukjente (Sakprosa) 1987
- Runekorset (Roman) 1986
- Hellig Olav (Sakprosa) 1985
- Verdenstreet. Mennesker og makt i Odins tid. (Sakprosa) 1984
- Bodvars saga. Spydet (Roman) 1984
- Bodvars saga. Odins ravner (Roman) 1983
- Skjebneveven (Sakprosa) 1982
- Med skip til lands og vanns (Sakprosa) 1981
- Sagaens kvinner (Sakprosa) 1981
- Kongespeil (Roman) 1980
- Dronningsagaen (Roman) 1979
- Riksseglet. Eit spel om makt. Noregs Boklag 1978 (Nynorsk) [2]
- Skjærsild (Roman) 1977
- Staupet (Roman) 1975
- Sverdet (Dramatikk) 1974
- Blåbreen (Roman) 1973
- Asbjørn Selsbane. Sogespel av Vera Henriksen og Asbjørn Toms, Noregs Boklag 1972 (Nynorsk) [3]
- Pilgrimsferd (Roman) 1971
- Trollsteinen (Roman) 1970
- Vargtid. Selshemnaren. Saman med Asbjørn Toms. Illustrert av Karl Erik Harr, Noregs Boklag. Historisk spel 1968 (Nynorsk) [4]
- Glassberget (Roman) 1966
- Helgekongen (Roman) 1963
- Jærtegn (Roman) 1962
- Sølvhammeren (Roman) 1961
Prisar
endreBakgrunnsstoff
endre- Vera Henriksen i NRK Forfatter
- Vera Henriksen Arkivert 2009-05-10 ved Wayback Machine. i Dagbladet Forfatter
- Digitaliserte bøker av Henriksen[daud lenkje] hos Nasjonalbiblioteket.
- Der sagaen tier, forteller hun videre - Tone Bolstad Fløde i samtale med Vera Henriksen (2003)
- NBL-artikkel om Henriksen, skriven av Egil Tveterås.
- Denne artikkelen bygger på «Vera Henriksen» frå Wikipedia på bokmål, den 4. oktober 2010.