Åtaket på D/S «Romsdal» og M/K «Norden»

D/S «Romsdal» og M/K «Norden» vart angripne av allierte fly 23. mars 1945. D/S «Romsdal» vart angripe midt på Herøyfjorden, medan M/K «Norden» vart angripe på Leinevika. Til saman vart 5 personar drepne og 5 såra i åtaket på dei sivile båtane.

Åtaket endre

D/S «Romsdal» gjekk i rutetrafikk på Nordvestlandet og hadde denne dagen akkurat sett i land nokre passasjerar i Herøy kommune då allierte fly av typen Mosquito frå Banff Strike Wing løyste skot mot båten. 1 passasjer vart drepen med det same, medan to omkom av skadane like etter. 1 passasjer til vart såra, men overlevde saman med 3 av mannskapet som òg vart såra.

Same dag var fly frå Dallachy Strike Wing av typen Beaufighter i området og gjekk til åtak på fiskebåten M/K «Norden» i Leinevika. To av fiskarane om bord miste livet og ein vart såra. Teljingar i etterkant viste at båten vart treft av minst 40 kuler. M/K «Norden» låg tett oppunder land under åtaket og folk som var på land måtte òg søkje dekning då det var stor spreiing av skota.

Frå rapportane endre

8 beaufighterar frå 489. skvadron i Dallachy Strike Wing hadde ordre om å angripe skip på hamna i Ålesund, då det hadde kome rapportar om ein tysk kovoi. Med seg hadde dei 32 beaufighterar frå 144. skvadron, 455. skvadron og 489. skvadron, 1 mosquito frå RAF si filmavdeling, 12 mustangar frå 65. skvadron og 2 fly av typen ASR Warwicks frå 279. skvadron. Flya som letta frå flybasen i Dallachy i Skottland bomma i fylgje rapporten på Ålesund grunna tåke og dis, og kom i staden inn over Hareidlandet. Etterkvart vart M/K v feilaktig angripen. Sivile augnevitne frå åtaket seier at det var sol og klårt vêr denne dagen, noko som ein også kan sjå på bilete og film teke av filmflyet til RAF. Sannsynlegvis er også sjølve åtaket filma, då opptak frå åtaket på Lysaker er funne.

Banff Strike Wing hadde med seg førtito mosquitoar og tolv mustangar for åtak på skip ved Stad, Ålesund og Dalsfjord og vart etterkvart involvert i åtaket på D/S «Romsdal». 143. skvadron og 235. skvadron var med på dette oppdraget.

Sjå òg endre