Heider eller ære er omgrep som viser til kva status og respekt nokon har ut frå kor godt dei følgjer eit visst sett samfunnsnormer. Ein person kan ha ei viss grad av ære innan ei gruppe, og ei gruppe kan ha ære innan eit større samfunn. Handlingar som følgjer eller bryt æresnormene kan auka eller minska æra. Det motsette av ære er skam eller vanære. Om nokon heilt mister æra si kan dei få straff eller utstøytast frå samfunnet.

Innan sosiologien ser ein på ære som eit middel til å halda orden i eit samfunn. Ein kjenner æresomgrep frå alle samfunn, men reglane for kva som gjev og tar bort ære varierer mykje i tid og rom. Det kan vera svært vanskeleg å setja seg inn i æreskoden frå eit framand samfunn.

Nokre vanlege felt som kan vera knytte til ære kan vera eigedom, gåver og gjestfridom, seksualitet og mellommenneskelege tilhøve, og kamp- og krigshandlingar.

Sjå òg endre

Kjelder endre