Æresalleen
Æresalleen (aserbajdsjansk Fəxri Xiyaban) er ein offentleg gravplass og minnesmerke i Baku i Aserbajdsjan. Her er kjende aserbajdsjanarar og utlendingar tilknytte Aserbajdsjan, inkludert fleire aserbajdsjanske presidentar, vitskapsfolk, kunstnarar og artistar. I alt er 242 personar gravlagde her.
Æresalleen | |||
| |||
Æresalleen 40°21′43″N 49°49′15″E / 40.361944444444°N 49.820833333333°E |
---|
Aleen vart oppretta etter ordre frå Ministerrådet i Aserbajdsjansk SSR den 27. august 1948.[1] I samband med opprettinga vart gravene til Jalil Mammadguluzade, Abdurrahim bey Hagverdijev, Najaf bey Vazirov, Hasan bey Zardabi, Huseyn Arablinski, Suleyman Sani Akhundov, Ali Nazmi, Jabbar Garjagdioglu, Rustam Mustafajev, Azim Azimzade og Huseyngulu Sarabski flytta til Æresalleen med nye gravsteinar.[2][3]
Kjende personar
endre- Vasif Adigozalov, komponist
- Mahmud Alijev, utanriksminister
- Heydər Əliyev, president
- Alasgar Alakbarov, skodespelar
- Sjovkat Alakbarova, songar
- Fikret Amirov, komponist
- Abdulla Sjaig, diktar
- Azim Azimzade, målar
- Valeh Barsjadly, general og første forsvarsminister
- Rasjid Behbudov, songar
- Bulbul, songar
- Tofig Gulijev, komponist
- Jafar Jabbarly, diktar
- Uzejir Hajibejov, komponist
- Elmira Qafarova, utanriksminister, talar i Nasjonalrådet
- Muslim Magomajev, komponist
- Muslim Magomajev, sovjetisk songar
- Tahira Tahirova, diplomat og utanriksminister
- Rasul Rza, forfattar
- Khalil Rza Uluturk, diktar
- Seyid Sjusjinski, khananda
- Ismajil Sjykhly, forfattar
- Hasan bey Zardabi, forleggar
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Alley of Honor» frå Wikipedia på engelsk, den 9. mai 2012.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- ↑ FƏXRI XİYABAN (aserbajdsjansk)
- ↑ THE HONORARY CEMETERY
- ↑ Аллея Почетного захоронения. Справка Arkivert 2012-03-03 ved Wayback Machine. (russisk)