Ég á líf
«Ég á líf» var det islandske bidraget i Eurovision Song Contest 2013 i Malmö i Sverige, framført på islandsk av Eythor Ingi. Songen var skriven av Örlygur Smári og Pétur Örn Gudmundsson.
«Ég á líf» | |||||
---|---|---|---|---|---|
Eurovision Song Contest 2013 | |||||
Land | Island | ||||
Artist(ar) | Eythor Ingi | ||||
Språk | Islandsk | ||||
Komponist(ar) | Örlygur Smári og Pétur Örn Gudmundsson | ||||
Låtskrivar(ar) | Örlygur Smári og Pétur Örn Gudmundsson | ||||
Resultat | |||||
Semifinalepoeng | 72 | ||||
Semifinaleplass | 6 | ||||
Finalepoeng | 47 | ||||
Finaleplass | 17 | ||||
Island i Eurovision Song Contest | |||||
|
Söngvakeppnin 2013
endreEyþór Ingi Gunnlaugsson sende inn «Ég á líf» til Ríkisútvarpið (RÚV) og vart vald ut til å delta i Söngvakeppnin 2013, den islandske uttakinga til Eurovision Song Contest 2013. For å delta i finalen måtte kvart bidrag kvalifisere seg éin av dei to semifinalane.
Semifinale 1
endreSongen starta som nummer fem, etter «Sá sem lætur hjartað ráða för» av Edda Viðarsdóttir og før «Meðal andanna» av Birgitta Haukdal. Bidraget gjekk vidare til finalen.
Finalen
endreSongen starta som nummer tre, etter «Lífið snýst» av Svavar Knútur Kristinsson og Hreindís Ylva Garðarsdóttir Hólm og før «Meðal andanna» av Birgitta Haukdal. Bidraget gjekk vidare til superfinalen og vann. «Ég á líf» vil dimed representere Island i Eurovision Song Contest 2013.
Eurovision Song Contest 2013
endreEtter sigeren i Söngvakeppnin 2013 vart det klårt at «Ég á líf» vil representere Island i Eurovision Song Contest 2013. Det vert det fyrste bidraget sidan 1997 som vert framført på islandsk. Sidan berre Frankrike, Italia, Storbritannia, Spania, Tyskland, kalla dei fem store, og vertslandet Sverige er direktekvalifisert til finalen må kvart land kvalifisere seg i éin av dei to semifinalane. Island vart tildelt ein plass i den andre semifinalen 16. mai 2013 i Malmö Arena.
Semifinale 2
endreSongen starta som nummer åtte, etter Bulgaria med «Samo shampioni» av Elitsa Todorova og Stoyan Yankulov og før Hellas med «Alcohol Is Free» av Koza Mostra og Agáthonas Iakovídis. Bidraget gjekk vidare til finalen.
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Ég á líf» frå Wikipedia på engelsk, den 24. mars 2013.
- «Eurovision Song Contest 2013» (på engelsk). Eurovision.tv. Henta 29. mars 2013.