États généraux
États généraux var ei stenderforsamling i Frankrike før den franske revolusjonen. Tredjestanden (fransk tiers état) var ei av dei tre stendene i Frankrike før den franske revolusjonen i 1789. Presteskapet og adelen var dei to andre. Inndelinga av samfunnet i tre stender skriv seg attende til mellomalderen. Dei tre stendene møttest i stenderforsamlinga, états généraux, ei rådgjevande forsamling for kongen. På norsk vert gjerne états généraux omtala som generalstanda eller som stenderforsamling.