Île aux Cochons
Île aux Cochons (Griseøya) er ei aude øy i dei subantarktiske Crozetøyane. Med eit areal på 67 km² er ho den tredje største øya i gruppa. Adminsitrativt vert ho styrt av Dei franske sørterritoria.
Île aux Cochons | |||
øy | |||
Satellittbilete av øya
| |||
Land | Frankrike | ||
---|---|---|---|
Øygruppe | Crozetøyane | ||
Del av | Crozetøyane | ||
Stad | Det sørlege Indiahavet | ||
- koordinatar | 46°6′S 50°14′E / 46.100°S 50.233°E | ||
Høgaste punkt | Mont Richard-Foy | ||
• høgd | 770 moh. | ||
Lengd | 10 km | ||
Areal | 67 km² | ||
Folketal | Ukjend | ||
Île aux Cochons 46°06′09″S 50°13′54″E / 46.1025°S 50.231666666667°E | |||
Wikimedia Commons: Île aux Cochons |
Skildring
endreÎle aux Cochons er den vestlegaste øya i øygruppa og ligg om lag 30 km nordvest for Île des Pingouins og 15 km sørvest for Îlots des Apôtres. Ho er ei erodert vulkankjegle spreidd med inaktive krater og ei kystlinje som hovudsakleg består av låge klipper. Innførte artar er mellom anna kattar, kaninar og mus. Grisar vart òg innførte på øya, men er i dag utrydda. Det finst ingen menneskeleg infrastruktur på øya og ho vert sjeldan vitja av forskarar.[1]
Viktig fugleområde
endreØya har status som viktig fugleområde (IBA) av BirdLife International fordi ho er hekkestad for sjøfugl, mellom anna store pingvinbestandar. Ho har den største kolonien kongepingvin med kring ein halv million hekkande par, samt mange bøylepingvinar, gulltoppingvinar og nordleg klippehopparpingvinar. Ho har òg den største kolonien vandrealbatrossar i Indiahavet, med kring 1200 par, samt fire millionar par marionkvalfuglar og ein million par kortnebbdukkpetrellar. Det finst òg kergulenender. Her finst store bestandar med sørleg elefantsel, antarktisk pelssel og subantarktis pelssel.[1]
Sjå òg
endreKjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Île aux Cochons» frå Wikipedia på engelsk, den 6. november 2012.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene: