Bøylepingvin

fugleart
Bøylepingvin
Bøylepingvin
Bøylepingvin
Utbreiing og status
Status i verda: LC LivskraftigUtbreiinga av Bøylepingvin
Utbreiinga av Bøylepingvin
Systematikk
Underrekkje: Virveldyr Vertebrata
Klasse: Fuglar Aves
Underklasse: Neognathae
Overorden: Aequornithes
Orden: Sphenisciformes
Familie: Pingvinar Spheniscidae
Slekt: Pygoscelis
Art: Bøylepingvin P. papua
Vitskapleg namn
Pygoscelis papua

Bøylepingvin, tidlegare eselpingvin,[1] er ein pingvin kjenneteikna av ei brei kvit stripe på toppen av hovudet og eit sterkt oransjefarga nebb. Bøylepingvinen er den raskaste undervassymjaren blant pingvinane, og kan kan nå djupner på 170 meter.[2] Han er den tredje største pingvinarten, etter keisar- og kongepingvin. Saman med adeliepingvin og ringpingvin utgjer bøylepingvinen slekta Pygoscelis.

Skildring endre

Hannar kan ha ei toppvekt på rundt 8,5 kg like før myting og heilt ned til 4,9 kg like før paringstida. Hoene kan ha ei toppvekt på 8,2 og nå heilt ned til 4,5 medan dei passar reira. Nordlege populasjonar er gjerne høgare og tyngre enn dei som lever lengre sør.

Bøylepingvinar har nokså lang stjert, den tydelegaste blant pingvinar. Dei er elles svart- og kvitfarga som andre pingvinar. Baksida og hovudet er svarte, men dei har kvite merke over kvart auge som hjå mange kan rekka over heile hovudet. Symjeføtene er lyserosa medan nebbet er oransje.

 
Levområda til bøylepingvin.

Utbreiing endre

Pingvinane held til rundt Antarktis og hekkar rundt 65. breiddegrad sør. Dei største koloniane finst på Falklandsøyane, Sør-Georgia og Kerguelen medan det finst mindre populasjonar på melom anna Prince Edwardøyane, Macquarieøya, Heardøyane, Sør-Orknøyane, Sør-Shetlandsøyane og Antarktishalvøya. Eit estimat frå 1993 rekna med at det fanst rundt 314 000 hekkande par. Arten er rekna som nær truga fordi fleire viktige populasjonar har hatt ein langvarig fallande tendens.

 
Pingvinfamilie med to ungar på Antarktishalvøya.

Levesett endre

Bøylepingvinane hekkar i koloniar. Dei lagar rundlege reir av småstein og gras. Reira kan vera opptil 20 cm høge og ha ein diameter på 25 cm. Steinane er høgt verdsette eigedelar som kan føra til høglytte kranglar eller gjentenester, om ei ho får ein særleg god stien av ein hann.

I reira legg pingvinane legg to egg. Begge foreldra ruger egga i 34-36 dagar, til dei klekker. Ungane blir verande i reira i rundt 30 dagar, og blir deretter passa på i grupper. Når dei er rundt 80-100 dagar gamle, er dei klare til å symja i sjøen.

 
Symjande bøylepingvinar i det dei hoppar opp frå havet.
 
Bøylepingvinegg

Bøylepingvin er den raskaste undervassymjaren av alle pingvinar, og kan nå ein fart på 36 km/t. Når dei dykker kan dei nå djupner på 170 meter.[2] Pingvinane lever på småfisk og kril.

Rovdyr som sjøløve, leopardsel og spekkhoggar kan ta bøylepingvinar i sjøen. Vaksne pingvinar har ingen trugsmål på land, men egg og ungar kan bli stolne av større fuglar som joar.

Bakgrunnsstoff endre

  Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Bøylepingvin

Kjelder endre

  1. T.d. i Bologna et al Fuglenes verden 1978
  2. 2,0 2,1 https://archive.is/20120526223010/www.bbc.co.uk/nature/wildfacts/factfiles/161.shtml