Kortnebbdukkpetrell
Kortnebbdukkpetrell (Pelecanoides georgicus) er ein dukkpetrell og medlem av ordenen stormfuglar. Det er ein av fire svært like alkeliknande små sjøfuglar som lever pelagisk på den sørlege halvkula. Dei har utbreiing i Sør-Atlanteren og øyar av dei sørlege Indiahavet, på øyar og holmar utanfor New Zealand og på søraustlege australske øyar.
Kortnebbdukkpetrell | |
Kortnebbdukkpetrell | |
Utbreiing og status | |
Status i verda: Livskraftig Utbreiinga av Kortnebbdukkpetrell | |
Systematikk | |
Rike: | Dyr Animalia |
Rekkje: | Ryggstrengdyr Chordata |
Underrekkje: | Virveldyr Vertebrata |
Klasse: | Fuglar Aves |
Orden: | Stormfuglar Procellariiformes |
Familie: | Dukkpetrellfamilien Pelecanoididae |
Slekt: | Dukkpetrellar Pelecanoides |
Art: | Kortnebbdukkpetrell P. georgicus |
Vitskapleg namn | |
Pelecanoides georgicus |
Skildring
endreKortnebbdukkpetrell er ein liten, tjukkfallen petrell, 180-220 mm i lengd og veg rundt 90-150 gram.[1] Fjørdrakta har svart overside, skittenkvit underside og han har eit svart nebb.[2] Vengene har tynne kvite striper. Andletet og halsen kan vere meir brunt enn svart. Beina er blå.[2] Dersom ikkje denne fuglen er observert svært nært, er han nesten umogleg å skilje frå smalnebbdukkpetrell. Kortnebbdukkpetrellar har langt lysare fjører på undersidene av vengene enn smalnebbdukkpetrell. Det er berre små skilnader storleik.[3]
Kortnebbdukkpetrellar beitar primært på planktoniske krepsdyr, spesielt kril, men vil òg ete småfisk og unge blekksprutar. Dei er kjente for dugleiken til å dukke. Kortnebbdukkpetrell har vorte registrert ned til 48,6 meter, meir typisk 20 m.[4]
Han hekkar i koloniar på subantarktiske øyar, på Sør-Georgia i Sør-Atlanteren og på Prince Edwardøyane, Crozetøyane, Kerguelen-øyane og Heard- og McDonaldøyane i det sørlege Indiahavet. På New Zealand hekkar han på Codfish Island. Dei spreier seg sirkumpolart til omkringliggande havområde og streiffuglar har vorte registrert ved Falklandsøyane og Australia.[5]
Hekkesesongen er oktober-februar.[5] Hoa legg éit egg som dei rugar i 44-52 dagar. Ungane er flygedyktige etter 43-60 dagar.[1] Truslar mot kortnebbdukkpetrell inkluderer joar, kattar og rotter. Dei er utdøydde på Auckland-øyane fordi new zealand-sjøløva øydela reira.[1] Populasjonen er estimert til om lag 15 millionar individ (2004) og er minkande.[5]
Kjelder
endre- Denne artikkelen byggjer på «South Georgia Diving Petrel» frå Wikipedia på engelsk, den 12. mai 2012
Referansar
endre- ↑ 1,0 1,1 1,2 The Polar Conservation Organisation faktaark South Georgia Diving-petrel, arkivert frå originalen 5. oktober 2011, henta 12. mai 2012
- ↑ 2,0 2,1 Dewey, T. 2009. "Pelecanoides urinatrix" (On-line), Animal Diversity Web. Henta 12. mai 2012 frå http://animaldiversity.ummz.umich.edu/site/accounts/information/Pelecanoides_urinatrix.html
- ↑ Barrie Heather and Hugh Robertson, The Field Guide to the Birds of New Zealand (revised edition), Viking, 2005
- ↑ Prince, P. A.; M. Jones (1992). Maximum dive depths attained by South Georgia Diving Petrel Pelecanoides georgicus at Bird Island, South Georgia Antarctic Science 4 (4): 433–434. Henta den 12. mai 2012
- ↑ 5,0 5,1 5,2 BirdLife International (2012) Species factsheet: Pelecanoides georgicus Arkivert 2013-10-10 ved Wayback Machine.. Henta frå http://www.birdlife.org den 12. mai 2012
Bakgrunnsstoff
endre- Videoar, bilete og lydopptak av kortnebbdukkpetrell hos Internet Bird Collection