Opna hovudmenyen

Departement i Frankrike

(Omdirigert frå Franske departement)
Nummer Departement Préfecture
01 Ain Bourg-en-Bresse
02 Aisne Laon
03 Allier Moulins
04 Alpes-de-Haute-Provence Digne
05 Hautes-Alpes Gap
06 Alpes-Maritimes Nice
07 Ardèche Privas
08 Ardennes Charleville-Mézières
09 Ariège Foix
10 Aube Troyes
11 Aude Carcassonne
12 Aveyron Rodez
13 Bouches-du-Rhône Marseille
14 Calvados Caen
15 Cantal Aurillac
16 Charente Angoulême
17 Charente-Maritime La Rochelle
18 Cher Bourges
19 Corrèze Tulle
2A Corse-du-Sud Ajaccio
2B Haute-Corse Bastia
21 Côte-d'Or Dijon
22 Côtes-d'Armor Saint-Brieuc
23 Creuse Guéret
24 Dordogne Périgueux
25 Doubs Besançon
26 Drôme Valence
27 Eure Evreux
28 Eure-et-Loir Chartres
29 Finistère Quimper
30 Gard Nîmes
31 Haute-Garonne Toulouse
32 Gers Auch
33 Gironde Bordeaux
34 Hérault Montpellier
35 Ille-et-Vilaine Rennes
36 Indre Châteauroux
37 Indre-et-Loire Tours
38 Isère Grenoble
39 Jura Lons-le-Saunier
40 Landes Mont-de-Marsan
41 Loir-et-Cher Blois
42 Loire Saint-Etienne
43 Haute-Loire Le Puy-en-Velay
44 Loire-Atlantique Nantes
45 Loiret Orléans
46 Lot Cahors
47 Lot-et-Garonne Agen
48 Lozère Mende
49 Maine-et-Loire Angers
50 Manche Saint-Lô
51 Marne Châlons-en-Champagne
52 Haute-Marne Chaumont
53 Mayenne Laval
54 Meurthe-et-Moselle Nancy
55 Meuse Bar-le-Duc
56 Morbihan Vannes
57 Moselle Metz
58 Nièvre Nevers
59 Nord Lille
60 Oise Beauvais
61 Orne Alençon
62 Pas-de-Calais Arras
63 Puy-de-Dôme Clermont-Ferrand
64 Pyrénées-Atlantiques Pau
65 Hautes-Pyrénées Tarbes
66 Pyrénées-Orientales Perpignan
67 Bas-Rhin Strasbourg
68 Haut-Rhin Colmar
69 Rhône Lyon
70 Haute-Saône Vesoul
71 Saône-et-Loire Mâcon
72 Sarthe Le Mans
73 Savoie Chambéry
74 Haute-Savoie Annecy
75 Paris Paris
76 Seine-Maritime Rouen
77 Seine-et-Marne Melun
78 Yvelines Versailles
79 Deux-Sèvres Niort
80 Somme Amiens
81 Tarn Albi
82 Tarn-et-Garonne Montauban
83 Var Toulon
84 Vaucluse Avignon
85 Vendée La Roche-sur-Yon
86 Vienne Poitiers
87 Haute-Vienne Limoges
88 Vosges Epinal
89 Yonne Auxerre
90 Territoire de Belfort Belfort
91 Essonne Evry
92 Hauts-de-Seine Nanterre
93 Seine-Saint-Denis Bobigny
94 Val-de-Marne Créteil
95 Val-d'Oise Pontoise
971 Guadeloupe 1 Basse-Terre
972 Martinique 1 Fort-de-France
973 Guyane 1 Cayenne
974 La Réunion 1 Saint-Denis
Dei fylgjande er ikkje departement (sjå note under)
986 Wallis og Futuna 2 Mata-Utu
987 Fransk Polynesia2 Papeete
975 Saint-Pierre og Miquelon3 Saint Pierre
976 Mayotte3 Mamoutzou
988 Ny-Kaledonia 3 Nouméa
Merknader:
  1. Oversjøiske departement under Frankrike (fransk: 'Département d'Outre Mer eller DOM) er tidlegare koloniar utanom sjølve Frankrike. Etter kvart har dei fått ein status som liknar på departement i det europeiske morlandet. Dei utgjer delar av både Frankrike og EU. Dei har status som både fransk departement og fransk region.
  2. I tillegg til desse finst det òg oversjøiske område (fransk: territoires d'outre-mer eller TOM) som utgjer delar av Frankrike, men ikkje av EU.
  3. To område har status som territorielle samfunn (fransk: collectivités territorialles) som òg er delar av Frankrike, men ikkje av EU
  4. Til slutt finst det òg to oversjøiske land (fransk: pays d'outre-mer). Desse utgjer òg delar av Frankrike, men ikkje av EU.
  5. I tillegg til områda over, har Frankrike makt over nokre mindre øyar i Indiahavet og i Stillehavet.

Eit departement (fransk: département) er ein fransk adminstrativ eining noklunde tilsvarande eit norsk fylke (ein provins). Frankrike er delt inn i 96 departement. Eit departement vert leia av ein prefekt, tilsvarande norsk fylkesmann, og ei folkevald forsamling, conseil général. Departementa er gruppert i 22 regionar i sjølve Frankrike og fire oversjøiske regionar. Departementa er oppdelt i 342 arrondissement. Det finst òg departement i Elfenbeinskysten.

HistorikkEndra

Under den franske revolusjonen blei det den 22. november 1789 vedteke å opprette eininga département som erstatning for den gamle inndelinga i provinsar og landskap. Dei fleste av departementa blei oppretta den 4. mars 1790 etter vedtak i den grunnlovgjevande forsamlinga. Målet med denne reforma var å få vekk strukturar frå det gamle regimet og for å skape ein homogen nasjon.

I oppbygging er departementa ganske like: Dei er tilstrekkeleg små til å kunne styrast effektivt frå ein hovudstad. Hovudstaden skulle idéellt sett vere plassert midt i departementet og vanlegvis skulle det ikkje vere meir enn ein dags hesteritt frå kvar utkant av departementet til hovudstaden. Departementa er vanlegvis oppkalla etter elver, fjell og liknande. Dette i kontrast til den nyare franske regioninndelinga som har teke gamle provinsnamn.

Opphavleg var det 83 departement og dette auka til 130 i 1810 grunna Napoleons ekspansjon av fransk territorium, men redusert til 86 etter imperiet sitt fall. Seinare auka og minka talet i høve til grensedragingar med nabolanda. I 1860 blei Savoie og Nice lagt i Frankrike, medan områda Alsace og Lorraine blei skilde ut etter krigen med Tyskland i 1870 - 1871. Desse siste blei gjeninnlemma i 1919, men igjen lagt til Tyskland under andre verdskrigen. Etter krigen vart dei franske regionar. Dei algirske departementa blei skilde ut ved frigjeringa av dette landet i 1962. Seinare har enkelte grensedragingar funne stad ved deling av Korsika og ved omorganisering av Parisområdet. Dei tok også store delar av andre land.


 
Kart med nummerering (jamfør lista til høgre)
(klikk på kartet for større versjon)

Tidlegare departementEndra

(Ikkje fullstendig liste)

Sjå ògEndra