Îles éparses (fullt namn på fransk (Les) îles éparses de l'océan Indien, 'spreidde øyar i Indiahavet') er ein fransk eigedom i Indiahavet som omfattar fem grupper av små øyar. Dei har ingen folkesetnad, bortsett frå personell på meteorologiske stasjonar.

Îles éparses
Land  Frankrike
Areal 38,6 km²
Folketal 0[1]
Kart
Îles éparses
22°20′38″S 40°22′02″E / 22.343888888889°S 40.367222222222°E / -22.343888888889; 40.367222222222
Oversyns- og detaljkart over Îles éparses
Oversyns- og detaljkart over Îles éparses
Oversyns- og detaljkart over Îles éparses
Wikimedia Commons: Scattered Islands in the Indian Ocean

Oversyn endre

Tre av øyane, Bassas da India, Juan de Nova og Europaøya, ligg i den sørlege delen av Mosambikkanalen. Glorieusesøyane ligr også i Mosambikkanalen, men i den nordlege delen, aust for Komorane. Tromelinøya ligg rundt 400 kilometer aust for Madagaskar.

Atoll/Øy Stasjons-besetning Areal
km²
Lagune
km²
Økonomisk sone
km²
Koordinatar Plassering
Glorieusesøyane 11 5,0 29,6 48 350 11°33′S 47°20′E / 11.550°S 47.333°E / -11.550; 47.333 Nord i Mosambikkanalen
Juan de Nova 14 4,4 (1) 61 050 17°03′S 42°45′E / 17.050°S 42.750°E / -17.050; 42.750 Sentralt i Mosambikkanalen
Bassas da India - 0,2 79,8 123 700 21°27′S 39°45′E / 21.450°S 39.750°E / -21.450; 39.750 Sør i Mosambikkanalen
Europaøya 12 28,0 9,0 127 300 22°20′S 40°22′E / 22.333°S 40.367°E / -22.333; 40.367 Sør i Mosambikkanalen
Tromelinøya 19 0,8 - 280 000 15°53′S 54°31′E / 15.883°S 54.517°E / -15.883; 54.517 Vest i Indiahavet
Totalt 56 38,6 118,4 640 400  

Administrasjon og bruk endre

Sidan 3. januar 2005 har Îles éparses blitt administrert på vegner av Frankrike av administrasjonen for Dei franske sørterritoria (TAAFles Terres australes et antarctiques françaises), basert på Réunion. Îles éparses var tidlegare under administrasjon av prefekten i Réunion, sidan Madagaskar fekk sjølvstende i 1960. Sidan 21. februar 2007 har Îles éparses utgjort det 5. distriktet av Dei franske sørterritoria.

Øyane er klassifiserte som naturvernområde. Alle øyane bortsett frå Bassas daå India har ei flystripe på over 1000 meter. Frankrike har ein militær garnison på rundt 14 mann på kvar av øyane i Mosambikkanalen som Madagaskar gjer krav på.

Bortsett frå Bassas da India har alle øyane meteorologiske stasjonar. Dei meteorologiske stasjonane på Glorieusesøyane, Juan de Nova, og Europaøya er automatiserte. Særleg stasjonen på Tromelinøya er viktig for varsling av syklonar som trugar Madagaskar, Réunion eller Mauritius.

Krav på øyane endre

Mauritius, Komorene, Seychellane, og Madagaskar nektar for at Frankrike har overhøgd over øyane. Mauritius gjer krav på Tromelinøya; Komorane og Seychellane gjer krav på Glorieusesøyane og Madagaskar gjer krav på dei andre øyane i Mosambikkanalen. I Mosambikkanalen ligg òg Banc du Geyser, som b;eo annektert av Madagaskar i 1976. Frankrike ser enno på Banc du Geyser som ein del av Îles éparses.

Frankrike gjer òg krav på ei økonomisk sone på 200 nautiske mil rundt kvar av dei små øyane i Îles éparses, som saman med krava på økonomiske soner rundt Réunion og Mayotte totalt utgjer over ein million kvadratkilometer i den vestre delen av Indiahavet. Det er betydeleg overlapping mot dei økonomiske sonene til nabostatane.

Kjelder endre

  1. 1,0 1,1 1,2 1,3 https://www.outre-mer.gouv.fr/territoires/terres-australes-et-antarctiques-francaises; vitjingsdato: 30. april 2022.