Opna hovudmenyen

Östersunds kommun

kommune i Jämtland len i Sverige

Östersund kommune ligg i det svenske länet Jämtlands län i Jämtland. Kommunen har grensar til nabokommunane Krokom, Strömsund, Ragunda, Bräcke og Berg. Administrasjonssenter i kommunen er Östersund. Kommunen er den einaste bykommunen i Jämtland og er den mest folkerike kommunen i länet.

Östersunds kommun
kommune
Östersunds rådhus.jpg
Kommunevåpen
Land Flag of Sweden.svg Sverige
Len Jämtlands län
Landskap Jämtland
Areal 2 501,08 km²
 - land 2 208,31 km²
 - vatn 292,77 km²
Folketal 59 421 (2011[1])
Östersund Municipality in Jämtland County.png
Wikimedia Commons: Östersund
Östersund by sett frå Frösön

Samisk språkEndra

Samisk har status som offisielt minoritetsspråk i kommunen[2] og Östersund kommune inngår i forvaltningsområdet for samisk språk i Sverige.

GeografiEndra

I vest grensar kommunen til den femte største innsjøen i Sverige, Storsjön. Den største øya i innsjøen, Frösön, ligg i kommunen. Indalsälven renn gjennom kommunen.

E14 og E45 går gjennom kommunen. Östersund er knytt til det svenske jernbanettet ved Inlandsbanan og Mittbanan. Östersund flyplass på øya Frösön har ruter til Stockholm og fleire andre svenske byer.

TettstaderEndra

Östersund kommune hadde ti tettstader i 2005. Folketalet i tabellen er frå 31. desember 2005.

# Tettstad Innbyggjarar
1. Östersund 43 359
2. Brunflo 3 916
3. Lit 1 051
4. Ope 441
5. Tandsbyn 396
6. Häggenås 351
7. Orrviken 239
8. Optand 238
9. Marieby 218
10. Fåker 209

KjelderEndra

  1. Folketalsstatistik kvartal 3 2011. Statistiska centralbyrån (30. september 2011). Besøkt 7. januar 2012.
  2. Det svenske Språkrådets hjemmesider, om minoritetsspråk

BakgrunnsstoffEndra