Mittbanan er ei jernbanelinje som går mellom riksgrensa ved Storlien og Sundsvall i Sverige. Linja er eit framhald av Meråkerbanen gjennom Sverige og følger stort sett europaveg 14.

Mittbanan
Mittbanan ved Storlien.
Info
Land  Sverige Sverige
Type Stambane
Status I drift
Utgangsstasjon Storlien
Endestasjon Sundsvall
Drift
Opna 18821886
Eigar Trafikverket
Type trafikk Gods og persontrafikk
Teknisk
Kjørestrøm 15 kV 16⅔ Hz
Sporvidde normalspor
Lengde 358 km
Lengde dobbeltspor Bräcke-Ånge
Største stigning 19 ‰

Linja blir trafikkert mellom anna av Mittnabotåget som køyrer mellom Heimdal via Trondheim og Östersund. Mellom Duved og Sundsvall går krengetoget X 2000, mellom Storlien og Ånge nattog til Stockholm og Göteborg. Tidlegare gjekk dette toget til Trondheim. Også nattoget frå Narvik følger Mittbanan eit kort stykke mellom Bräcke og Ånge. I vintersesongen går det òg av og til ekstratog til Åre.

Mittbanan er elektrifisert medan Meråkerbanen ikkje er det, derfor er toga mellom Trondheim og Östersund dieseldrivne.

Bakgrunnsstoff endre