Övre Rudasjön
Övre Rudasjön, nokre gongar berre kalla Övre Rudan, er ein innsjø i Haninge kommun, Stockholms län i landskapet Södermanland i Sverige. Innsjøen inngår i Tyresån-vassdraget, og får tilførsel frå Nedre Rudasjön og Trylen, og vert drenert via Dammträsk til Drevviken.[2]
Övre Rudasjön | |||
Övre Rudan | |||
innsjø | |||
Eit islagt Övre Rudasjön (mars 2011).
| |||
Land | Sverige | ||
---|---|---|---|
Tilsig | Nedre Rudasjön, Trylen | ||
Utløp | Drevviken via Dammträsk | ||
Høgd over havet | 36,1[1] moh. | ||
Areal | 0,113[1][2] km² | ||
Volum | 0,386[3] km³ | ||
Övre Rudasjön 59°10′06″N 18°08′00″E / 59.168333333333°N 18.133333333333°E | |||
Wikimedia Commons: Övre Rudasjön |
Innsjøen ligg like vest for jernbanestasjonen i Handen. Ved sørenden er det ein badeplass ved Rudans friluftsområde, der òg Sörmlandsleden passerer.
På sommarstid vert ofte Övre Rudasjön nytta som badeplass, og er klassifisert som eit såkalla EU-bad.[4][5] Vatnet er normalt sett godt eigna til bading, med små eller ingen verdiar av næringsstoff, klorofyll og makrofytar. Han har òg derfor eit lågt trofisk nivå, med få fotoautotrofar og kjemotrofar.[2]
Når isen er sterk nok vert det brøytt baner med tanke på skeising.
Bilete
endre-
Del av Övre Rudasjön, sett frå jernbanestasjonen
-
Haninge sentrum sett frå andre sidan av Övre Rudan
-
Övre Rudan sett frå den sørlege breidda
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Övre Rudasjön» frå Wikipedia på bokmål, den 15. juni 2012.
- Wikipedia på bokmål oppgav desse kjeldene:
- ↑ 1,0 1,1 Sjöareal och sjöhöjd, SMHI 25 november 2009
- ↑ 2,0 2,1 2,2 «Övre Rudasjön». VISS, VattenInformationsSystem för Sverige. 31 december 2006. Henta 16. juni 2012.
- ↑ Sjödjup och sjövolym, SMHI 25 november 2009.
- ↑ «Badplatsen». Smittskyddsinstitutet. Henta 25 mars 2011. Arkivert 2013-08-27 ved Wayback Machine.
- ↑ «Vägledning för badvatten enligt direktiv 2006/7/EG» (doc). Smittskyddsinstitutet. 24 mai 2010. Henta 16. juni 2012.[daud lenkje]