Øivind Nerhagen (fødd 21. april 1958) er ein norsk tidlegare skiskyttar frå Trysil. Han vann ein bronsemedalje med det norske stafettlaget under VM i skiskyting 1983.

Øivind Nerhagen
Statsborgarskap Noreg
Fødd 21. april 1958 (66 år)
Trysil kommune
Yrke skiskyttar

Nerhagen deltok i skiskytings-VM i åra 1983 og 1985-87. Ved meisterskapen i Antholz i 1983 gjekk han den fyrste etappen for Noregs lag i 4 x 7,5 km stafett, eit lag som gjekk inn til bronseplass etter at Kjell Søbak, Eirik Kvalfoss og Odd Lirhus hadde gjort unna sine etappar. Nerhagens beste individuelle VM-plassering kom i Ruhpolding i 1985, der han enda opp på 15. plass i normalprogrammet.

Nerhagen debuterte i verdscupen i sveitsiske Egg am Etzel i desember 1981. Han lukkast aldri å oppnå ein pallplass individuelt. Derimot var han på laget då fire norske utøvarar sigra i ei stafettevling i Pontresina i Sveits, vinteren 1984. Nerhagen vart nummer 18 i verdscupen i skiskyting 1984, hans beste sesong. Han mista landslagsplassen i 1987, og deltok sidan ikkje internasjonalt.

Nerhagen var med på å vinne tre NM-gull i stafett. Individuelt vann han tre sølv- og like bronsemedaljar i åra 1983-87.

Kjelder endre

  • Sportsboken, aktuelle årgangar.