Øldrink
Øldrink eller øl-cocktail er ein drink laga av øl blanda med brennevin eller andre alkoholhaldige drikkar. Slike drinkar er kjende frå 1800-talet, som black velvet, av mørk stout blanda med champagne, som ein skal ha funne opp under viktoriatida for å visa sorg då prins Alberts døydde. På 2010-talet kom avanserte cocktailar med øl og andre ingrediensar på mote.[1]
Døme
endre- Boilermaker – Mild ale blanda med brown ale frå flaske (Storbritannia). Den amerikanske versjonen er eit glas øl med ein shot whiskey.
- Michelada, øldrink frå Mexico der øl blir blanda med tomatjuice, lime og chilisaus, liknande drinken bloody Mary.[2]
- Shandy eller radler, øl blanda med limonade, sitrusbrus, ingefærøl eller fruktjuice, t.d. frå grapefruit.[3][4][5]
- Somaek – øl blanda med koreansk risbrennevin, soju
Kjelder
endre- ↑ Hultgren Karell, Gunilla (26 oktober 2015). «Testa ölcocktails i Stockholm | Scandinavian Traveler». Scandinavian Traveler - For the modern traveler from Scandinavian Airlines (på svensk). Henta 19. desember 2021. Arkivert 2021-12-19 ved Wayback Machine.
- ↑ «Prova Michelada - recept på mexikansk öldrink». Allt om Vin (på svensk). 27.¬ mars 2020. Henta 19. desember 2021.
- ↑ «What's the Difference Between a Radler and a Shandy?». Coastal Living. Arkivert frå originalen 13. august 2020. Henta 21. juli 2019.
- ↑ «What Is the Difference Between a Radler and a Shandy?». Chowhound.
- ↑ «A Guide to Citrus Beer: What is a Shandy and a Radler?». KegWorks Blog. 3. april 2019.
- Denne artikkelen bygger på «Beer cocktail» frå Wikipedia på engelsk, og «Öldrink» frå Wikipedia på svensk den 9. november 2022.
Bakgrunnsstoff
endre- Øl-drinker ved aperitif.no