Ølflaumen i London

Ølflaumen i London var ei ulukke som fann stad i St. Giles i London den 16. oktober 1814.[1]

Øltank frå første verdskrigen som kan halda 1800 britiske gallonar.

Flaumen byrja i sekstida om kvelden då ein 22 fot (6,7 m) høg øltank ved Horse Shoe BreweryTottenham Court Road, som inneheldt rundt 610 000 liter (135 000 gallon) porter under lagring, rivna. Hendinga førte til at dei andre tankane i bygningen eksploderte, og over ein million liter øl fløymde ut i gata og oversvømte bygningar i nærleiken. Flaumen raste ned to husvære like ved bryggeriet, og ein vegg i puben Tavistock Arms. Pubarbeidaren Eleanor Cooper blei fanga under den nedraste veggen.[2] Ho døydde seinare av skadane. George Street og New Street nær bryggeriet blei oversvømde i løpet av kort tid. Ølet fløymde gjennom fleire bygningar, mellom anna inn i fleire fattige kjellarleilegheiter. I alt omkom 9 menneske av flaumen eller skadar dei fekk i han.

Bryggeriselskapet Meux and Company Brewery blei stemna for ulukka, men ho blei dømd til å ha vore eit hendeleg uhell («Act of God») utan nokon ansvarlege.[3] Selskapet hadde store økonomiske tap på grunn av øltapet, men unngjekk konkurs gjennom å få parlamentet til å betala tilbake avgifta dei allereie hadde betalt for ølet.[4] Ofra for ulukka fekk inga erstatning, men det blei gjort lokale innsamlingar for dei.

Ølflaumen var med på å snu trenden mot å laga stadig større tretankar for lagring av øl. Seinare på 1800-talet laga større bryggeri tankar av sement i staden.[5]

Bryggeriet blei rive i 1922. I dag står Dominion Theatre på deler av tomta. Ein lokal pub, Holborn Whippet, byrja i 2012 å markera hendinga med ein særskild brygga porter. [3]

Kjelder

endre
  1. Greenberg, Michael I., Disaster!: A Compendium of Terrorist, Natural, and Man-made Catastrophes, Jones & Bartlett Publishers, s. 156, ISBN 0-7637-3989-8 
  2. London Beer Flood at Expages.com (archived version)
  3. 3,0 3,1 Rennison, Nicholas (2 November 2006), The Book of Lists: London, Canongate Books Ltd, ISBN 978-1-84195-676-3 
  4. Industries: Brewing (British History Online) accessed 10 January 2009
  5. The Oxford Companion to Beer, Oxford University Press, 2011, s. 348 

Bakgrunnsstoff

endre