Porter
Porter er ei form for mørkt, overgjæra øl, som har opphav i London og slo gjennom på 1700-talet. Det skal ha fått namnet sitt etter berarar, porters, som likte dette ølet, men denne soga er ikkje bekrefta.

Ein sterkare type porter blei kalla Stout porter, noko som seinare blei forkorta til stout.
Drikken passar godt saman med mørk sjokolade, og blei ofte servert til sjokoladekake.
Nokre portertypar Endra
- Carnegieporter frå Carlsberg i Sverige
- Hoepfner Porter frå Privatbrauerei Hoepfner i Tyskland
- Limfjords-Porter frå Thisted Bryghus i Danmark
- Pitfield 1850 London Porter frå Pitfield Brewery i London etter ei historisk oppskrift
- Utenos Porteris frå Utenos alus i Litauen
- Żywiec Porter frå Żywiec i Polen
Kjelder Endra
- Denne artikkelen bygger på «Porter (beer)» frå Wikipedia på engelsk, og «Porter» frå Wikipedia på svensk den 4. desember 2021.
- Vinmonopolets ølplakat, oktober 2001.