Opna hovudmenyen

Ørsta Idrettslag er eit idrettslag i Ørsta kommune i Møre og Romsdal, skipa i 1928. Laget er aktivt med i fotball, friidrett, handball og i skidrett, både i alpine og nordiske greiner.

Fotballaget spelte frå 1969 til 1986, 18 samanhengande sesongar, i 3. divisjon Møre. Kjell Arne Sætre, Olav Rebbestad, Stein Aam, Erik Brautaset, John Kåre Storås, Paul Arne Håskjold og Einar Arne Roth var alle spelarar som utmerka seg i denne perioden. Sidan siste halvpart av 1980-åra har Ørsta IL mest alle år spelt på nivå fire og fem i seriesystemet.

Friidrettsutøvaren Grete Bjørdalsbakke er den mest meritterte medlemen i Ørsta IL, med sine i alt 12 norske meisterskapstitlar i høgdehopp og i såkalla stille høgde og stille lengde.

KjelderEndra