Øve os på hinanden

«Øve os på hinanden»
Song av Fyr & Flamme
Land Danmark
Språk Dansk
Utgjeve 10. februar 2021
Sjanger Pop, synth
Lengd 03:06
Selskap Universal
Låtskrivar(ar) Laurits Emanuel Pedersen, Rune Borup

«Øve os på hinanden» (norsk 'øva oss på kvarandre') er ein dansk synthpoplåt frå 2021 med duoen Fyr & Flamme. Han vann Dansk Melodi Grand Prix 2021 og var det danske bidraget til Eurovision Song Contest 2021 i Rotterdam i Nederland. Låten var det første danskspråklege Eurovision-bidraget på 24 år.

Om songen endre

«Øve os på hinanden» er komponert av Laurits Emanuel, som utgjer den eine halvdelen av Fyr & Flamme. Songaren og skodespelaren Jesper Groth utgjer den andre halvdelen av duoen. Songen vart utgjeven på Universal 10. februar 2021 og var eitt av åtte bidrag i Dansk Melodi Grand Prix 2021 laurdag 6. mars i DR Byen i København.[1][2] Songen vann til slutt finalen med 37 prosent av røystene og vart det danske bidraget i Eurovision Song Contest 2021.[3]

Låten er ein 1980-talsinspirert poplåt med bruk av el-trommer og synth. Ifølgje duoen handlar «Øve os på hinanden» om å freista å tilgje kvarandre når ein gjer feil. Songen finn stad på eit dansegolv, der ein mann og ei kvinne må prøve seg fram for å sjå kva for trinn som fungerer.[4] Ifølgje duoen kan denne scena brukast som eit bilete på korleis ein oppfører seg når ein skal imponere ein annan, eller korleis ein enkelte gonger må justera kursen i livet når ting ikkje går som planlagd.[4][5]

Eurovision Song Contest endre

«Øve os på hinanden» var det danske bidraget i Eurovision Song Contest 2021 i Nederland. Han deltok i den andre semifinalen torsdag 20. mai i Rotterdam Ahoy. Songen fekk 89 poeng og enda på ellevteplass i semifinalen og kvalifiserte ikkje seg til finalen laurdag 22. mai.[6]

Songen var det første danskspråklege Eurovision-bidraget på 24 år, og det var fyrste gong Danmark opptredde på dansk etter at språkkravet i Eurovision Song Contest vart fjerna i 1999. Førre gongen Danmark opptredde på dansk, var med Kølig Kaj og «Stemmen i mit liv» i 1997. Duoen forklarte at songen var skriven etter «visse skandinaviske tradisjonar, og eg kan ikkje fatta korleis vi skal kunne omsetje han i det heile. Så vi held oss til dansk.»[7]

Listeplasseringar endre

Liste (2021) Høgaste

plassering

Danmark (Hitlisten)[8] 1

Utgjevingshistorikk endre

Region Dato Format Merke Ref.
Diverse 10. februar 2021 Digital nedlasting, strøyming Universal Music [2]

Referansar endre

  1. «Øve Os På Hinanden - Single by Fyr Og Flamme» (på engelsk). Henta 7. mars 2021. 
  2. 2,0 2,1 «Øve Os På Hinanden - Single by Fyr Og Flamme» (på engelsk). Henta 7. mars 2021. 
  3. «Favoritterne Fyr & Flamme vinder Melodi Grand Prix - hør vindersangen her» (på dansk). 6. mars 2021. Henta 7. mars 2021. 
  4. 4,0 4,1 «Kendte navne, nye stjerner - og et vildt comeback: Hør alle sangene i Dansk Melodi Grand Prix 2021» (på dansk). 10. februar 2021. Henta 7. mars 2021. 
  5. «Modigt eller problematisk? Grand Prix-vinder overrasker med beslutning om at synge på dansk» (på dansk). 7. mars 2021. Henta 7. mars 2021. 
  6. «Eurovision 2021 Semi-final 2 Results». Henta 22. mai 2021. 
  7. «Denmark warms to Fyr & Flamme» (på engelsk). 6. mars 2021. Henta 7. mars 2021. 
  8. «Track Top-40» (på dansk). 17. mars 2021. Henta 19. mars 2021.