Eurovision Song Contest 2021

Eurovision Song Contest 2021 (ESC 2021), offisielt 65. Eurovision Song Contest, var den 65. gongen Eurovision Song Contest vart arrangert. Tevlinga vart arrangert i Rotterdam Ahoy i Rotterdam i Nederland, etter at EBU vart tvinga til å avlyse tevlinga i 2020 på grunn av koronavirusutbrotet i Europa.[1][4] Semifinalane vart arrangerte 18. og 20. mai, medan finalen vart arrangert 22. mai.[5] 39 land deltok i Eurovision Song Contest 2021.[3] Armenia skulle ha delteke i tevlinga, men trekte seg frå tevlinga 5. mars 2021.[6] Kviterussland skulle òg ha delteke, men vart diskvalifisert 26. mars 2021, då det kviterussiske bidraget ikkje var i tråd med tevlingsreglane.[7][8]

Eurovision Song Contest 2021
Offisiell tittel
65. Eurovision Song Contest
Dato
Semifinale 1 18. mai 2021
Semifinale 2 20. mai 2021
Finalen 22. mai 2021
Vertskap
Stad
Rotterdam Ahoy i Rotterdam i Nederland[1]
Programleiar(ar)
Chantal Janzen
Edsilia Rombley
Jan Smit
Nikkie de Jager[2]
Varigskap
Opningsnummer
Pausenummer
Bidrag
Antal bidrag
39[3]
Attende
Bulgaria
Ukraina
Trekte seg
Armenia
Montenegro
Ungarn
Diskvalifisert
Kviterussland
Kart
Røysting
Null poeng
Storbritannia
Vinnar
Italia med «Zitti e buoni» av Måneskin
Eurovision Song Contest
Rotterdam 2020 Torino 2022

Bakgrunn endre

Tevlinga skulle etter reglane ha vore arrangert av vinnarlandet i tevlinga i 2020. Men på grunn av det alvorlege koronavirusutbrotet i Europa vinteren og våren 2020, fann EBU til slutt at det var naudsynt å avlyse tevlinga. Avgjerda vart kunngjort 18. mars 2020, og dette var fyrste gongen i tevlinga si historie at ei utgåve vart avlyst.[4][9]

I staden vurderer EBU om Nederland - vertslandet for den avlyste 2020-utgåva, i staden skal få arrangere tevlinga i 2021. Avgjersla blir teken i samråd med dei nederlandske kringkastarane AVROTROS, NPO og NOS samt Rotterdam by, som skulle ha vore vertsby for tevlinga i 2020.[10]

Format endre

Tevlinga i 2021 tok i bruk mange av konsepta og planane frå den avlyste 2020-tevlinga. Blant anna vert slagordet «Open Up» det same, og profilen og scenedesignet var lik som i 2020. Logoen var ei vidareføring frå fjoråret, men med eit par justeringar.[11] Dei fire programleiarane som skulle ha leia showet i 2020, leia også tevlinga i 2021.

For å unngå ei ny avlysing, innførte EBU nye reglar som sikrar at tevlinga kan gjennomførast uavhengig av koronavirus-situasjon, eller eventuelle andre krisesituasjonar i framtida.[12] For tevlinga i 2021 planla arrangørane gjennomføringa med fire scenario:[13][14]

  • Scenario A: Tevlinga kan haldast som normalt, med full sal, masse arrangementer i forkant og ingen avgrensingar i avstand og liknande. Scenarioet vart utelukka 3. februar 2021.[15]
  • Scenario B: Arrangørane av tevlinga må ta omsyn til eit krav om 1,5 meters avstand mellom alle menneske. Dette avstandskravet vart innført i vertslandet Nederland våren 2020, var framleis gjeldande då tevlinga vart arrangert. Tevlinga måtte derfor bli arrangert med avgrensa tal publikum i salen, og med avgrensingar i arrangement og samankomstar før sendingane. Alle delegasjoner som kom til Nederland, måtte halde påkravd avstand til kvarandre.
  • Scenario C: Ei tevling med reiserestriksjonar. Dersom smittesituasjonen i verda hadde gjort det vanskeleg eller risikabelt for nokre av deltakarane å fly frå sitt heimland eller til Nederland, kunne deltakaren i staden opptre direkte frå eit studio i sitt heimland. Andre deltakarar kunne komme til Nederland for å opptre der. Sosial avstand ville framleis gjelde, og med eit avgrensa tal tilskodarar i salen.
  • Scenario D: Full nedstengning i Nederland. Dersom smittesituasjonen hadde blitt kritisk, og Nederland måtte stengje heilt ned igjen, skulle tevlinga likevel funne stad i Rotterdam Ahoy, men utan tilskodarar og truleg uten nokon form for arrangement eller tilstellingar i samband med tevlinga. Alle deltakarar skulla ha opptredd direkte frå eit studio i heimlandet sitt, og sendinga ville blitt sydd saman til ei direkte fellessending frå Rotterdam.

3. februar 2021 vedtok arrangørane og EBU å utelukke scenario A, og ein stod dermed igjen med tre scenario.[13][15] 2. mars 2021 fastslo arrangørane at dei fortsatte med å jobba ut i frå scenario B. Dette innebar artistane kom til Rotterdam og oppredde som vanleg, men at talet på journalistar, besøkjande og arrangement vart redusert.[16][17] Nederlandske myndigheiter varsla i april at det ville tillate inntil 3500 tilskodarar i Rotterdam Ahoy under showa, men at tilskodarane måtte syne fram negativ covid-19-test.[18][19]

Reserveopptak av framsyningar endre

For å forsikre seg om at tevlinga kunne gå som planlagt, måtte kvart deltakarland på førehand spele inn eit opptak der artistane deira framførte bidraget live. Opptaket måtte bli godkjent av EBU og leverast innan 25. mars 2021, og det kunne ikkje bli vist før tevlinga i mai.[20] Dette opptaket skulle nyttast i naudstilfelle dersom ein artist vart forhindra frå å reise til Rotterdam, eller hamna i karantene eller isolasjon.[20] Det var berre Australia av dei 39 deltakerne som ikkje var på plass i Rotterdam, i staden brukte dei reserveopptaket frå mars.[21]

Det førehandsinnspelte live-opptaket måtte innfri ei rekkje tekniske krav og spesifikasjonar. Blant anna kunne ein ikkje bruke opptak frå ein nasjonal finale, og det var ikkje lov med tilskodarar til stades under innspelinga. Opptaket måtte også halde seg innanfor dei tekniske løysningane som var tilgjengelege ved sendinga frå Rotterdam. Det betydde at EBU ikkje tillét bruk av virtuell realitet, greenscreen, dronekamera, konfetti eller vatn.

Programleiarar endre

18. september 2020 kunngjorde kringkastaren NOS at dei tre sendingane skulle leiast av fire programleiarar: skodespelar og tv-programleiar Chantal Janzen, songar og nederlandsk Eurovision-kommentator Jan Smit, songaren Edsilia Rombley, som representerte Nederland i 1998 og 2007 og Nikkie de Jager, også kjent som NikkieTutorials. Desse skulle ha leia Eurovision Song Contest i 2020, men tevlinga vart avlyst pga. koronapandemien.[2][22]

Publikum endre

Under kvart av showa opna nederlandske myndigheiter opp for inntil 3500 personar i publikum. Dette var 20 prosent av Rotterdam Ahoy sin fulle kapasitet.[23] Tevlinga var ein del av dei nederlandske feltlab-forsøka, der ein forska på om det var mogleg å hindre smitte på større arrangement med publikum under pandemien.[24][25] Men dei besøkjande måtte retta seg etter omfattande test- og sikkerheitstiltak. Blant anna måtte alle syne fram negativ covid-19-hurtigtest ved framkomst i arenaen, og denne testen måtte vere teken same dag ved ein godkjent teststasjon. Publikum måtte også bruke munnbind når dei ikkje sat ned.[19][26]

Billettsalet opna 8. mai og var berre tilgjengeleg for dei som hadde billetter til Eurovision Song Contest 2020. Personar med risiko for alvorleg covid-19-sykdom fekk ikkje vere ein del av publikummet.[26]

Produksjon endre

Sendingane og arrangementet rundt vart produsert av kringkastingsselskapa AVROTROS og NOS i samarbeid med den overordna nederlandske kringkastingsorganisasjon, NPO.[27] Dei tre hadde ulike roller i organiseringa og produksjonen.[28] Årsaka til at tre kringkastere var involvert, bunner i det særeigne og komplekse kringkastingssystemet til Nederland.[29] Gjennom pillariseringen i det nederlandske samfunnet på 1900-tallet, vaks det fram ei rekke uavhengige kringkastingsselskap som produserte radio og tv til sine spesifikke målgrupper. Desse selskapa har overlevd fram til i dag, men dei vert koordinert og administrert av paraplyorganisasjonen Nederlandse Publieke Omroep (NPO).[30][31] Sendetida til dei ulike kringkastarane vert avgjord av kor mange medlem dei har.[32]

Sietse Bakker og Astrid Dutrénit var produsentar for showa.[33]

Andre storhendingar endre

I tillegg til dei to semifinalane og finalen var det enkelte andre tilstellingar i Rotterdam under Eurovision-veka. Men på grunn av smittesituasjonen og pandemien var det ein del avgrensingar samanlikna med ein normalsituasjon. Den faste Eurovision-landsbyen, Eurovision Village, var digital og fann stad frå 15. til 23. mai. I denne perioden var det digitale tilstellingar og konsertar med artistar som Johnny Logan, Afrojack, Sergej Lazarev og KEiiNO.[34][35][36]

Ny sjef for tevlinga endre

I januar 2020 kunngjorde EBU at svenske Martin Österdahl tek over som sjef for Eurovision Song Contest fra og med 2021. Han etterfylgjar Jon Ola Sand, som har hatt rolla siden 2011.[37] Österdahl var ansvarleg produsent for utgåvene i 2013 og 2016, og han var medlem i Eurovision Song Contest si referansegruppe mellom 2012 og 2018.[38]

Innspelt bakgrunnsvokal endre

Ein av grunnreglane til Eurovision Song Contest er at all vokal skal bli framført direkte. Men i juni 2020 beslutta EBU å tillate førhandsinnspelt bakgrunnsvokal som ei prøveordning for tevlinga i 2021, blant anna for å redusere talet på tilreisande deltakarar. Bruken av innspelt bakgrunnsvokal var valfri, og landa kunne velje å bruke både direkte og førhandsinnspelt bakgrunnsvokal om dei ønsket det. All hovudvokal måtte framleis bli framført direkte på scena under sendinga.[39][40]

Deltakande land endre

Fleire land har uttrykt ønskje om at dei vil deltake i tevlinga i 2021. EBU vurderte også om å opne opp for at songane i 2020 kunne få deltake i 2021. Reglane i Eurovision Song Contest krev at bidraga ikkje må ha vore gjeven ut på den kommersielle marknaden før 1. september året før tevlinga.[41][42] 20. mars 2020 gjekk EBU ut med ei melding om at songane i 2020 ikkje kunne deltake i tevlinga i 2021.[43]

I oktober 2020 offentleggjorde EBU lista over deltakande land, og 41 land skal deltake i 2021 – dei same landa som skulle deltake i 2020.[3]

Seks land er direktekvalifisert til finalen: vertslandet Nederland og «dei fem store»: Frankrike, Italia, Spania, Storbritannia og Tyskland. Dei andre 35 landa må kvalifisere seg gjennom ein av dei to semifinalane tidlegare i finaleveka. Dei ti beste frå kvar semifinale kvalifiserer seg til finalen, slik at finalefeltet vil bestå av 26 land.

Trekking av semifinalar endre

I november 2020 vedtok EBU at inndelinga av semifinalane i 2020 også skal gjeldte for 2021. Dimed vert det ikkje halden noko ny trekking av semifinalar for Eurovision Song Contest i 2021.[44]

Den opprinnelege fordelinga av semifinalistane vart avgjord under ei offisiell trekking i Rotterdam 28. januar 2020.[45] Semifinalistane var på førehand delt inn i grupper utifrå røystemønsteret dei 15 siste åra. Blant anna var dei nordiske landa samla i ei gruppe, og dei tidlegare jugoslaviske republikkane var samla i ei anna gruppe.[46] Landa i kvar røystegruppe vart deretter fordelt på dei to semifinalane. Dette vert gjort for å redusere effekten på naborøysting, og for å forhindre at eit land klarer å kvalifisere seg til finalen berre basert på røyster frå nabolanda. Systemet vart innført i 2008. Under trekkinga vart det også avgjort kva for ein av dei to semifinalane dei seks direktekvalifiserte landa skulle sende og røyste i. Seremonien vart leia av programleiarane Chantal Janzen, Jan Smit og Edsilia Rombley.[46]

Semifinale 1 endre

Seksten land deltar i den fyrste semifinalen tysdag 18. mai 2021 klokka 21:00 CET. Kviterussland skulle ha delteke i denne semifinalen, men vart diskvalifisert frå tevlinga 26. mars 2021.[8] Dei ti beste landa kvalifiserer seg til finalen. Dei førehandskvalifiserte landa Italia, Nederland og Tyskland skal framføre sine bidrag og røyste i denne semifinalen. Den endelege startrekkefølgja vart avgjord av produsentane av showet og vart offentleggjord 30 mars 2021.[47]

# Land[44] Artist[48] Song[48] Språk Omsetjing Poeng Plass
01   Litauen The Roop «Discoteque» Engelsk Diskotek 203 4
02   Slovenia Ana Soklič «Amen» Engelsk 44 13
03   Russland Manizja «Russian Woman» Russisk og engelsk Russisk kvinne 225 3
04   Sverige Tusse «Voices» Engelsk Røyster 142 7
05   Australia1 Montaigne «Technicolour» Engelsk 28 14
06   Nord-Makedonia Vasil Garvanliev «Here I Stand» Engelsk Her står eg 23 15
07   Irland Lesley Roy «Maps» Engelsk Kart 20 16
08   Kypros Élena Tsagkrinoú «El Diablo» Engelsk og spansk Djevelen 170 6
09   Noreg TIX «Fallen Angel» Engelsk Fallen engel 115 10
10   Kroatia Albina Grčić «Tick-Tock» Engelsk og kroatisk Tikk takk 110 11
11   Belgia Hooverphonic «The Wrong Place» Engelsk Feil stad 117 9
12   Israel Eden Alene «Set Me Free» Engelsk og hebraisk Set meg fri 192 5
13   Romania Roxen «Amnesia» Engelsk Amnesi 85 12
14   Aserbajdsjan Efendi «Mata Hari» Engelsk 138 8
15   Ukraina Go A «Sjum» Ukrainsk Støy 267 2
16   Malta Destiny Chukunyere «Je me casse» Engelsk Eg stikk 325 1

1 Grunna pandemien drog ikkje den australske delegasjonen til Rotterdam. I staden vart førehandsinnspelinga av framsyninga hennar, som vart spela inn i mars, nytta.

Semifinale 2 endre

Sytten land deltar i den andre semifinalen torsdag 20. mai 2021 klokka 21:00 CET. Opprinneleg skulle Armenia deltake i denne semifinalen, men 5. mars 2021, ei veke før fristen for innlevering av bidrag til Eurovision Song Contest, trakk Armenia seg frå Eurovision Song Contest 2021.[6] Dei ti beste landa kvalifiserer seg til finalen. Dei førehandskvalifiserte landa Frankrike, Spania og Storbritannia skal framføre sine bidrag og røyste i denne semifinalen.[44] Den endelege startrekkefølgja vart avgjord av produsentane av showet og vart offentleggjord 30 mars 2021.[47]

# Land[44] Artist[49] Song[49] Språk Omsetjing Poeng Plass
01   San Marino Senhit med Flo Rida «Adrenalina» Engelsk Adrenalin 118 9
02   Estland Uku Suviste «The Lucky One» Engelsk Den heldige 58 13
03   Tsjekkia Benny Cristo «Omaga» Engelsk og tsjekkisk Herregud 23 15
04   Hellas Stefania «Last Dance» Engelsk Siste dans 184 6
05   Austerrike Vincent Bueno «Amen» Engelsk 66 12
06   Polen Rafał «The Ride» Engelsk Turen 35 14
07   Moldova Natalia Gordienko «Sugar» Engelsk Sukker 179 7
08   Island Daði og Gagnamagnið «10 Years» Engelsk Ti år 288 2
09   Serbia Hurricane «Loco Loco» Serbisk Gal gal 124 8
10   Georgia Tornike Kipiani «You» Engelsk Du 16 16
11   Albania Anxhela Peristeri «Karma» Albansk Karma 112 10
12   Portugal The Black Mamba «Love Is on My Side» Engelsk Kjærleiken er på mi side 239 4
13   Bulgaria Victoria «Growing Up Is Getting Old» Engelsk Å vekse opp er å bli gamal 250 3
14   Finland Blind Channel «Dark Side» Engelsk Mørk side 234 5
15   Latvia Samanta Tīna «The Moon Is Rising» Engelsk Månen stig 14 17
16   Sveits Gjon's Tears «Tout l’Univers» Fransk Heile universet 291 1
17   Danmark Fyr & Flamme «Øve os på hinanden» Dansk Øve oss på kvarandre 89 11

Finalen endre

# Land[50] Artist Song Språk Omsetjing Poeng Plass
01   Kypros Élena Tsagkrinoú «El Diablo» Engelsk og spansk Djevelen 94 16
02   Albania Anxhela Peristeri «Karma» Albansk Karma 57 21
03   Israel Eden Alene «Set Me Free» Engelsk og hebraisk Set meg fri 93 17
04   Belgia Hooverphonic «The Wrong Place» Engelsk Feil stad 74 19
05   Russland Manizja «Russian Woman» Russisk og engelsk Russisk kvinne 204 9
06   Malta Destiny Chukunyere «Je me casse» Engelsk Eg stikk 255 7
07   Portugal The Black Mamba «Love Is on My Side» Engelsk Kjærleiken er på mi side 153 12
08   Serbia Hurricane «Loco Loco» Serbisk Gal gal 102 15
09   Storbritannia James Newman «Embers» Engelsk Glør 0 26
10   Hellas Stefania «Last Dance» Engelsk Siste dans 170 10
11   Sveits Gjon's Tears «Tout l’Univers» Fransk Heile universet 432 3
12   Island Daði og Gagnamagnið «10 Years» Engelsk Ti år 378 4
13   Spania Blas Cantó «Voy a quedarme» Spansk Eg vil bli 6 24
14   Moldova Natalia Gordienko «Sugar» Engelsk Sukker 115 13
15   Tyskland Jendrik «I Don’t Feel Hate‎» Engelsk og tysk Eg føler ikkje hat 3 25
16   Finland Blind Channel «Dark Side» Engelsk Mørk side 301 6
17   Bulgaria Victoria «Growing Up Is Getting Old» Engelsk Å vekse opp er å bli gamal 170 11
18   Litauen The Roop «Discoteque» Engelsk Diskotek 220 8
19   Ukraina Go A «Sjum» Ukrainsk Støy 364 5
20   Frankrike Barbara Pravi «Voilà» Fransk Sjå her 499 2
21   Aserbajdsjan Efendi «Mata Hari» Engelsk 65 20
22   Noreg TIX «Fallen Angel» Engelsk Fallen engel 75 18
23   Nederland Jeangu Macrooy «Birth of a New Age» Engelsk og sranan tongo Fødsel av ein ny tidsalder 11 23
24   Italia Måneskin «Zitti e buoni» Italiensk Hald kjeft og ver stille 524 1
25   Sverige Tusse «Voices» Engelsk Røyster 109 14
26   San Marino Senhit med Flo Rida «Adrenalina» Engelsk Adrenalin 50 22

Utfordringar rundt covid-19 endre

Australias fysiske fråvær endre

På grunn av pandemien valde den australske delegasjonen ikkje å reise til Nederland. I staden for ein direkte sceneframsyning frå Australia vart reserveopptaket som Montaigne gjorde i mars brukt under den fyrste semifinalen.[51] Dei resterande 38 delegasjonane og artistane var fysisk på plass i Rotterdam, men var samstundes under eit omfattande test- og smittevernsregime. Blant anna måtte alle teste seg for covid-19 kvar 48. time og oppretthalde sosial distansering.[52]

Stand-in for Ukraina endre

Då Ukraina skulle ha sin andre prøve 12. mai, melde frontvokalisten i Go A, Kateryna Pavlenko, i frå om at ho ikkje var i form. Ho vart sett i karantene på hotellrommet sitt, mens resten av bandet testa negativt og fekk lov til å dra til Rotterdam Ahoy for å gjennomføre prøva. I staden steppa den nederlandske songaren Emmie van Stijn inn som vokalist for Pavlenko.[53][54][55] Pavlenko tok ein PCR-test som viste seg å vere negativ, og ho fekk dimed opptre igjen.[56] van Stijn vart samstundes hylla for sin framsyning, og særleg for uttala av den ukrainske teksta. Som takk for innsatsen vart ho invitert tl å sitje saman med den ukrainske delegasjonen i oppholdsrommet til artistane under den fyrste semifinalen.[57]

Smitte i dei polske og islandske delegasjonane endre

Foran opningsseremonien Turquoise Carpet sundag 16. mai testa eitt medlem kvar av den polske og den islandske delegasjonen positivt for covid-19.[58][59] Som ein konsekvens måtte båe delegasjonane avstå frå arrangementet og i staden gå i karantene og isolasjon, i tråd med smittevernsreglane til tevlinga. Delegasjonane frå Romania og Malta måtte også avstå frå opninga som eit «føre var»-tiltak, sidan dei budde på det same hotellet som dei polske og islandske delegasjonane.[60]

Dei øvrige delegasjonsmedlemmane frå Polen og Island testa negativt, men måtte forbli i karantene fram til juryprøva 19. mai.[61] Men like før juryprøva fekk eitt av medlemmane i den islandske gruppa Gagnamagnið påvist covid-19.[62] Dei øvrige bandmedlemmane testa negativt og fekk tilbod om å stille på scena under semifinalen. Dei avslo tilbodet, sidan dei ønska at heile gruppa skulle opptre samla.[63] I staden vart opptak frå den andre prøva til gruppa i Rotterdam Ahoy vist både i juryprøva, i semifinalen 20. mai og i finalen 22. mai.[63][64][65][66] Den polske delegasjonen slapp ut av karantene før juryshowet 19. mai og opptredde live i semifinalen som planlagt.[67]

Smitte i den norske delegasjonen endre

Dagen etter finalen, då den norske delegasjonen skulle fly tilbake til Noreg, testa éin person positivt på covid-19. Personen måtte vere igjen i Rotterdam og gå i isolasjon, og delegasjonsleiaren vart igjen for å ta vare på vedkommande.[68]

I dagane etter heimkomsten i Noreg vart det avdekka ytterlegare seks covid-19-tilfelle i den norske delegasjonen. Samtlege var allereie i obligatorisk heimekarantene etter utanlandsopphaldet, slik det dåverande norske regelverket påla dei. TIX var ikkje blant dei som fekk påvist smitte.[69] Smitteutbrotet fekk heller ikkje konsekvensar for den norske deltakinga, sidan det oppstod etter tevlinga.

Duncan Laurence smitta endre

Nokre timar før den andre semifinalen torsdag 20. mai, kunngjorde EBU at 2019-vinnaren Duncan Laurence hadde testa positivt på covid-19. Han opptredde under den fyrste semifinalen, men hadde då ein negativ test. Laurence skulle også ha opptrådd under finalen, men måtte stå over dette på grunn av smitten.[70][71] I staden vart det vist eit førehandsinnspelt opptak der Laurence framførte vinnarlåten «Arcade» og hans nyaste låt, «Stars».[72] I tillegg skulle han også ha presentert poenga frå den nederlandske juryen, men vart erstatta av tv-personlegdommen Romy Monteiro.[73]

Sjå òg endre

Referansar endre

  1. 1,0 1,1 «Rotterdam returns as Eurovision Song Contest Host City in 2021». eurovision.tv. EBU. Henta 16. mai 2020. 
  2. 2,0 2,1 «Eurovision 2021: Hosts confirmed; Edsilia, Chantal and Jan are back!». ESCToday.com (på engelsk). 2020. Henta 18. september 2020. 
  3. 3,0 3,1 3,2 «41 Countries to participate at Eurovision 2021». eurovision.tv. EBU. Henta 26. oktober 2020. 
  4. 4,0 4,1 «Eurovision 2020 in Rotterdam is cancelled». eurovision.tv. 18. mars 2020. Henta 18. mars 2020. 
  5. «The countdown to Eurovision 2021 begins!». eurovision.tv. Henta 15. juni 2020. 
  6. 6,0 6,1 «Armenia withdraws from Eurovision Song Contest 2021» (på engelsk). 5. mars 2021. Henta 5. mars 2021. 
  7. Hagen, Knut-Øyvind (12. mars 2021). «Hviterussland kan bli disket fra Eurovision Song Contest». NRK (på norsk bokmål). Henta 12. mars 2021. 
  8. 8,0 8,1 «EBU statement on Belarusian participation». eurovision.tv. EBU. 26. mars 2021. Henta 26. mars 2021. 
  9. Svendsen, Maiken (18. mars 2020). «Eurovision Song Contest avlyst». NRK (på norsk bokmål). Henta 18. mars 2020. 
  10. «Official EBU statement & FAQ on Eurovision 2020 cancellation». eurovision.tv. 18. mars 2020. Henta 18. mars 2020. 
  11. «This is the new logo of Eurovision 2021». Eurovision.tv (på engelsk). 4. desember 2020. Henta 4. desember 2020. 
  12. «Changes announced to ensure Eurovision comes». eurovision.tv (på engelsk). 18. juni 2020. Henta 19. september 2020. 
  13. 13,0 13,1 «The 4 ways to make Eurovision 2021 happen». eurovision.tv (på engelsk). 18. september 2020. Henta 19. september 2020. 
  14. «Open Up... to make it happen». eurovision.tv (på engelsk). 18. september 2020. Henta 19. september 2020. 
  15. 15,0 15,1 «Eurovision 2021 organizers set determined yet realistic plans for May». Eurovision.tv (på engelsk). 3. februar 2021. Henta 6. februar 2021. 
  16. «'Uniting Europe on one stage' - Health and Safety protocol shared». Eurovision.tv (på engelsk). 2. mars 2021. Henta 2. mars 2021. 
  17. «Eurovision 2021 organisers "reaffirm" Scenario B for Rotterdam». wiwibloggs (på engelsk). 2. mars 2021. Henta 2. mars 2021. 
  18. «Eurovision 2021 audience may include 3,500 fans with negative Covid test». wiwibloggs (på engelsk). 1. april 2021. Henta 4. april 2021. 
  19. 19,0 19,1 «"Testing, testing..." how Eurovision is keeping everyone safe - Eurovision Song Contest». Eurovision.tv (på engelsk). 18. mai 2021. Henta 18. mai 2021. 
  20. 20,0 20,1 «2021 artists to record song “live-on-tape” to ensure Contest will happen». Eurovision.tv (på engelsk). 18. november 2020. Henta 19. november 2020. 
  21. «Montaigne: “I’m still absolutely stoked I can present Technicolour”». Eurovision.tv (på engelsk). 20. april 2021. Henta 22. april 2021. 
  22. «Songfestival gaat door, maar hoe is nog de vraag». nos.nl. 18. september 2020. 
  23. «Eurovision Song Contest to proceed with limited audience». Eurovision.tv (på engelsk). 29. april 2021. Henta 30. april 2021. 
  24. «Fieldlab experiments are 'a fantastic investment', minister says». DutchNews.nl (på engelsk). 16. april 2021. Henta 30. april 2021. 
  25. «Eurovision 2021: Audience of 3,500 spectators per show confirmed by Dutch government». wiwibloggs (på engelsk). 29. april 2021. Henta 30. april 2021. 
  26. 26,0 26,1 «Tickets for Eurovision 2021 in Rotterdam». Eurovision.tv (på engelsk). 14. januar 2017. Henta 30. april 2021. 
  27. «Rotterdam 2021 FAQs». eurovision.tv. 16. mai 2020. Henta 17. mai 2020. 
  28. «Rotterdam 2021 FAQs». Eurovision.tv (på engelsk). 2020. Henta 17. mai 2020. 
  29. «Eurovision 2020: NPO will not get extra governmental funding ahead of hosting gig». wiwibloggs (på engelsk). 20. mai 2019. Henta 22. mai 2019. 
  30. Daalmeijer, Joop (1. januar 2004). «Public Service Broadcasting in The Netherlands». Trends in Communication 12: 33–45. ISSN 1383-8857. doi:10.1207/s15427439tc1201_4. Henta 10. desember 2017. 
  31. Prof. Egbert Dommering. «The Dutch System of Financing of Public Broadcasting» (PDF). ivir.nl. Henta 10. desember 2017. 
  32. Zaken, Ministerie van Algemene. «The role of public broadcasters - The media and broadcasting - Government.nl». www.government.nl (på engelsk). Henta 10. desember 2017. 
  33. «2020 and 2021 Executive Producer Sietse Bakker looks back and forward». Eurovision.tv (på engelsk). 16. juni 2020. Henta 17. juni 2020. 
  34. «Open Up to the Online Eurovision Village». Eurovision.tv (på engelsk). 6. mai 2021. Henta 9. mai 2021. 
  35. «Eurovision Village 2021: What's On?». Eurovision.tv (på engelsk). 16. mai 2021. Henta 17. mai 2021. 
  36. «Eurovision Village». Eurovision.tv (på engelsk). 23. april 2018. Henta 18. mai 2021. 
  37. «Martin Österdahl new Eurovision Song Contest Executive Supervisor». Eurovision.tv. 20. januar 2020. 
  38. Farren, Neil (20. januar 2020). «Martin Österdahl Appointed Eurovision Executive Supervisor». Eurovoix. 
  39. Granger, Anthony (18. juni 2020). «Pre-recorded Backing Vocals to Trialled at Eurovision For One Year». Eurovoix. Henta 18. juni 2020. 
  40. «Changes announced to ensure Eurovision comes». Eurovision.tv. 18. juni 2020. Henta 18. juni 2020. 
  41. «Rules of the Eurovision Song Contest». eurovision.tv. 18. mars 2020. Henta 18. mars 2020. 
  42. «Will the 2020-artists compete at Eurovision 2021?». Eurovisionworld. 18. mars 2020. Henta 19. mars 2020. 
  43. Hyttebakk, Jon Marius (20. mars 2020). «Ulrikkes «Attention» kan ikke delta i ESC 2021». NRK (på norsk bokmål). Henta 20. mars 2020. 
  44. 44,0 44,1 44,2 44,3 «2020 Semi-Final line-up to stay for 2021». Eurovision.tv (på engelsk). 17. november 2020. Henta 17. november 2020. 
  45. «Eurovision 2020: Semi-final allocation draw will take place on January 28». wiwibloggs (på engelsk). 15. november 2019. Henta 7. desember 2019. 
  46. 46,0 46,1 «Semi-Final Allocation Draw pots for Eurovision 2020 revealed!». eurovision.tv. 25. januar 2020. Henta 25. januar 2020. 
  47. 47,0 47,1 «Semi-Final running orders revealed». Eurovision.tv (på engelsk). 30. mars 2021. Henta 30. mars 2021. 
  48. 48,0 48,1 «Eurovision Song Contest 2021 First Semi-Final». European Broadcasting Union. 30. mars 2021. Henta 30. mars 2021. 
  49. 49,0 49,1 «Eurovision Song Contest 2021 Second Semi-Final». European Broadcasting Union. 30. mars 2021. Henta 30. mars 2021. 
  50. «Participants Grand Final» (på engelsk). Eurovision.tv. Henta 23. mai 2021. 
  51. «Australia to compete from home using ‘live-on-tape’ performance». Eurovision.tv (på engelsk). 19. april 2021. Henta 16. mai 2021. 
  52. «Eurovision 2021: How this year's acts are aiming for a Covid-safe contest». BBC News (på engelsk). 15. mai 2021. Henta 16. mai 2021. 
  53. «Fingers crossed for Kateryna from Ukraine...». Eurovision.tv Live Blog. EBU. 12. mai 2021. Arkivert frå originalen 12. mai 2021. Henta 14. mai 2021. 
  54. Fanning, Mo (12. mai 2021). «Updated: Ukraine singer sits out rehearsals». OnEurope. Arkivert frå originalen 12. mai 2021. Henta 14. mai 2021. 
  55. «Fastfood-medewerkster Emmie (24) uit Rotterdam vervangt zieke zangeres op Songfestival» [Fast food employee Emmie (24) from Rotterdam replaces a sick singer at the Eurovision Song Contest]. nporadio2.nl (på nederlandsk). Henta 14. mai 2021. 
  56. «BREAKING NEWS: Ukraine's Kateryna able to perform». Eurovision.tv Live Blog. EBU. 13. mai 2021. Arkivert frå originalen 14. mai 2021. 
  57. Granger, Anthony (14. mai 2021). «Ukraine: Stand in Artist Invited to Join Go_A For Semi-Final One». Eurovoix (på engelsk). Henta 15. mai 2021. 
  58. «EBU Statement: Member of Polish Delegation tests positive for COVID-19». Eurovision.tv (på engelsk). 15. mai 2021. Henta 16. mai 2021. 
  59. Eriksson, Emma Cecilia (16. mai 2021). «Mer corona i Eurovision». dagbladet.no (på norsk). Henta 17. mai 2021. 
  60. «Further EBU Statement regarding participants of Turquoise Carpet Event (Sunday 16 May, 2021)» (på engelsk). European Broadcasting Union. 16 May 2021. Henta 16. mai 2021. 
  61. «Eurovision'21: 🇲🇹 Malta & 🇷🇴 Romania Released From Quarantine, 🇮🇸 Iceland & 🇵🇱 Poland Remain in Quarantine». Eurovoix (på engelsk). 17. mai 2021. Henta 18. mai 2021. 
  62. «Iceland: Member of Daði og Gagnamagnið tests positive for COVID-19». wiwibloggs (på engelsk). 19. mai 2021. Henta 20. mai 2021. 
  63. 63,0 63,1 «🇮🇸 Iceland: Daði & Árný Explain Reason Behind Turning Down Performing at Eurovision Without Jóhann». Eurovoix (på engelsk). 19. mai 2021. Henta 20. mai 2021. 
  64. «EBU Statement regarding Icelandic delegation (Wednesday 19 May)». Eurovision.tv (på engelsk). 19. mai 2021. Henta 19. mai 2021. 
  65. «Eurovision: Iceland out of live shows due to Covid». BBC News (på engelsk). 19. mai 2021. Henta 20. mai 2021. 
  66. «Neikvætt próf hjá Daða». www.mbl.is (på islandsk). Henta 22. mai 2021. 
  67. Granger, Anthony (19. mai 2021). «🇵🇱 Poland: Rafał & Delegation Released From COVID-19 Isolation». Eurovoix (på engelsk). Henta 19. mai 2021. 
  68. Stein Østbø (2. juni 2021). «Coronasmitte i TIX-leiren». www.vg.no (på norsk bokmål). Henta 4. juni 2021. 
  69. Line Haus (4. juni 2021). «Stort koronautbrudd i TIX sitt reisefølge - to er fortsatt i Rotterdam». TV 2 (på norsk). Henta 4. juni 2021. 
  70. «Eurovision winner Duncan Laurence tests positive for Covid-19 and will not perform live in Ahoy». wiwibloggs (på engelsk). 20. mai 2021. Henta 20. mai 2021. 
  71. «EBU Statement: Duncan Laurence tests positive for COVID-19». Eurovision.tv (på engelsk). 20. mai 2021. Henta 20. mai 2021. 
  72. «Duncan Laurence via eerder opgenomen repetitie te zien in finale Songfestival». NU (på nederlandsk). 21. mai 2021. Henta 21. mai 2021. 
  73. «Romy Monteiro vervangt Duncan Laurence met puntentelling Eurovisie Songfestival | Eurovisie Songfestival». songfestival.nl (på nederlandsk). Henta 21. mai 2021. 

Bakgrunnsstoff endre

  Commons har multimedium som gjeld: Eurovision Song Contest 2021